Gjennomgått i samarbeid med Norsk forening for medisinsk mikrobiologi 21. februar 2025

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.

Arbeidsoppgaver

Mikrobiologar er spesialiserte biologar. Dei studerer levande organismar som er umogelege å sjå utan bruk av mikroskop. Mikrobiologar undersøker bakteriar, sopp, virus, amøbar og andre mikroorganismar. Mikrobiologar jobbar ofte som forskarar.

Mikrobiologar undersøker korleis mikroorganismar er forma, korleis dei reagerer med stoff, og korleis dei veks og formerer seg. Arbeidet skjer mest i laboratorium med avansert utstyr. Dei forskar på korleis desse organismane påverkar helsa til menneske, dyr og plantar. Denne forskinga har gitt store framsteg innan medisin og naturfag.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein mikrobiolog:

  • isolera og identifisera mikroorganismar i vatn, mat og frå andre kjelder
  • planlegga og gjennomføra eksperiment
  • dyrka fram celler og/eller mikroorganismar
  • forska og finna ut av korleis nokre mikroorganismar kan hjelpa eller
  • forårsaka sjukdom hos menneske, dyr og plantar
  • lesa forskingsartiklar og oppdatera seg på faglitteratur
  • følgje og lære bort tryggingsreglar og rutinar for å unngå uhell i laboratorium eller på sjukehus

Mikrobiologar arbeider tett med andre forskarar i bedrifter, på sjukehus og universitet. Dei samarbeider ofte med kjemikarar, biokjemikarar, geologar og spesialiserte legar innan infeksjonsmedisin eller patologi. Feltet dekkjer alt frå cellebiologi til økologi og bruk av mikroorganismar i næringslivet.

Dei fleste mikrobiologane spesialiserer seg innan eit felt. Det kan vere ingeniørarbeid innan bioteknologi, eller meir forskingsbasert arbeid som cellebiologi, virologi, bakteriologi eller molekylærbiologi.

Kor jobbar mikrobiologar?

Mikrobiologar arbeider på sjukehus, høgskular og universitet, industrielle laboratorium, selskap innanfor jordbruk, matvareindustrien, bioteknologi, medisin, oljeindustri og liknande. Nokon er fast tilsette, medan andre er engasjerte på mellombelse kontraktar og innleidd som konsulentar, enten gjennom konsulentfirma eller som frilansar.

Med fullført mastergrad med kompetanse innan medisinsk mikrobiologi kan du undervisa i helselære.

Korleis er det å jobbe som mikrobiolog?

Mann med kort, mørkt hår i hvit sykehusuniform smiler mot kamera i et portrett. I bakgrunnen står ulike laboratoriemaskiner og utstyr.

Mikrobiolog

Andreas Lind

– Min rolle er å bestemme hvilke analyser som skal utføres, tolke resultatene og sikre at svarene er korrekte og klinisk nyttige, forteller Andreas.
En ung kvinne sitter i det som ser ut til å være et laboratorium. Hun har på seg en hvit frakk, og rundt henne står små flasker og beholdere. Hun har lysbrunt hår i en hestehale.

Mikrobiolog

Maria Disen Barbuti

Som mikrobiolog bidrar Maria til å finne løsninger på alvorlige, globale problemer.

Viktige egenskaper for en mikrobiolog

Som mikrobiolog bør du vere oppteken av alt som finst i naturen. Du må vere nysgjerrig og like å undersøkje ting for å forstå dei. Du må kunne lære av det du oppdagar og finn bevis for. Det er viktig å jobbe nøyaktig og vere tolmodig.

Kva tener mikrobiologar?

Lønna varierer etter arbeidsstad, grad av ansvar, ansiennitet og kva kompetanse du har.

Som forskar ved ein statlig institusjon vil årslønna ligge på 468.400 – 620.500 kroner, og ved oppnådd professorkompetanse 544.000 – 808.000 kroner. (Kjelde: Hovuddtariffavtala i staten 2012 -2014.)

Korleis utdannar du deg til mikrobiolog?

Fleire høgskolar og universitet i Noreg tilbyr ei bachelorgrad i biologi. Nokre universitet tilbyr også bachelorstudium i meir spesialiserte fag som til dømes havbruksbiologi og molekylærbiologi.

Kva for ei utdanning er vanlegast for mikrobiologar?

Kva jobbar mikrobiologiutdanna med?

  • 8513 - Mikrobiologi og cellebiologi
  • 751307 - Master, mikrobiologi, toårig
  • 751306 - Master, cellebiologi, toårig
  • 751305 - Master, molekylær biovitenskap, toårig
  • 751303 - Cand.scient.-utdanning, molekylærbiologi.
  • 751301 - Cand.real.-utdanning, mikrobiologi.
  • 751302 - Cand.scient.-utdanning, mikrobiologi.
  • 751309 - Master of Science, mikrobiologi, toårig

Bedrifter: Kor jobbar mikrobiologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med mikrobiologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2211113 - MIKROBIOLOG
  • 2211122 - MOLEKYLÆRBIOLOG
  • 2211104 - CELLEBIOLOG
  • 2211101 - BAKTERIOLOG

Andre yrke

Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som opererer pasientar, i tillegg til anna behandlinga.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.