Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for teknologi og industrifag 31. januar 2022

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.

Arbeidsoppgaver

Produkt, varer og utstyr som ikkje kan løftast manuelt, blir løfta av kraner.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein kranførar:

  • krankøyring, løfteoperasjonar og dekksarbeid
  • vedlikehald av kranane
  • laupande kommunikasjon med mannskap på bakken via hovudtelefonar og mikrofon

Kranføraren har det overordna sikkerheitsansvaret for at arbeidet går føre seg på ein trygg måte. Kran- og løfteoperasjonar kan vere risikofylte, og derfor blir det stilt store krav til sikkerheit.

I dette yrket må du ha godt syn og god høyrsle. Yrket er i kontinuerleg utvikling, og det er viktig å oppdatere seg på ny kunnskap.

Yrkestittelen er fagoperatør i kran- og løfteoperasjonar.

Kor jobbar kranførarar?

Kranførarar jobbar mellom anna innan industriverksemder, bygg- og anleggsarbeid, offshoreindustrien og transport- og sjøfartsnæringa.

 

Korleis er det å jobbe som kranførar?

Dame med lysebrunt hår løst, gul buff og svart jakke ser inn i kamera og smiler.

Kranfører

Dorthe Sandvik

– Jeg synes det er gøy å få muligheten til å dra til steder jeg kanskje ikke hadde dratt til alene, sier Dorthe.
Portrettbilde av Eirik Navelsaker. I gul vernehjelm og solbriller.

Kranfører

Eirik Navelsaker

Det som er mest gøy er når jeg ser at produksjonen går bra og når jeg kjenner at vi er i en god flyt, forteller Eirik Navelsaker om jobben som kranfører.

Viktige egenskaper for en kranførar

Som kranførar bør du vere sjølvstendig, like å jobbe i høgda og vere praktisk anlagd. Du må kunne takle eit høgt arbeidstrykk og du må kunne jobbe konsentrert, nøyaktig og effektivt.

Kva tener kranførarar?

Korleis utdannar du deg til kranførar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Med fagbrev i kran- og løfteoperasjonsfag, er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Kva for ei utdanning er vanlegast for kranførarar?

Kva jobbar kranførarutdanna med?

  • 455246 - Kran- og løfteoperasjonsfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar kranførarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kranførarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8332106 - KRANFØRER
  • 8332113 - TRAVERSKRANFØRER
  • 8332110 - MOBILKRANFØRER
  • 8332108 - TÅRNKRANFØRER
  • 8332104 - HAVNEKRANFØRER
  • 8332103 - BYGGEKRANFØRER
  • 8113113 - KRANFØRER (OLJE- OG GASSUTVINNING)
  • 3114135 - KRANKONTROLLØR

Andre yrke

Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Industrirørlegger driller hull i vegg over et rør.

Industrirøyrleggar

Industrirøyrleggaren er ein fagarbeidar som monterer røyr/leidningsopplegg, og utførar sveising og platearbeid.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Energimontørar arbeider med å bygge og halde ved like det elektriske energinettet.
Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosessteknikar

Prosessteknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
Platearbeider har ansvar for å vedlikehalde sveiseutstyr

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar ut plater, røyr og profilar, og set dette saman til større konstruksjonar.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.