Gjennomgått i samarbeid med Advokatforeningen 21. juni 2023

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.

Arbeidsoppgaver

Som jurist er du ekspert på å løysa juridiske problemstillingar gjennom tolking og analyse.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein jurist:

  • gi råd og rettleiing
  • ha ansvar for å forma ut og tolka dokument og kontraktar
  • forhandla og mekla på vegner av klientane sine

Arbeidsoppgåvene som jurist varierer mykje etter kvar du jobbar. Juristane har innsikt i mange ulike rettsområde, og kan arbeida innan dei fleste fagområde og sektorar i samfunnet. Døme på rettsområde er kontraktsrett, arbeidsrett, familie- og arverett, offentleg rett, helse- og sosialrett, forvaltningsrett og strafferett.

Som jurist skal du formidla juss enkelt og forståeleg til klientar, brukarar av offentlege velferdstilbod og personar som treng rettshjelp.

Nokre juristar er advokatar eller dommarar. For å bli advokat må du først jobba ei viss tid som advokatfullmektig og oppfylla vilkåra for å få advokatløyve. Du kan også jobba som politijurist.

Juristar er ofte samfunnsengasjerte og i dette yrket er det viktig å halda seg fagleg oppdatert.

Kor jobbar juristar?

Juristar kan arbeide på mange felt i samfunnet. For eksempel i rettsvesenet, politiet, offentleg forvaltning, det private næringslivet, organisasjonar, utdanningssektoren og innanfor forsking. Nokon juristar jobbar som politijuristadvokat eller dommar.

Bli med ein jurist på jobb

Korleis er det å jobbe som jurist?

En kvinne med langt brunt hår og brun overdel. I bakgrunnen kan man se en grønn plante.

Jurist

Kristina Kallevik Hanssen

– Du får et spørsmål, så må du bruke forskjellige metoder for å komme fram til et svar. Det blir litt som en ligning, sier Kristina.
Bilde av Jarl Gjessing som jobber som jurist

Jurist

Jarl Gjessing

Det beste med denne jobben er at det er en god blanding mellom å sitte å skrive større rapporter med juridiske vurderinger og å være ute å møte mennesker.

Viktige egenskaper for en jurist

Som jurist bør du ha god menneskekunnskap, høg etisk standard og vera flink til å uttrykkja deg både skriftleg og munnleg. Du må også vera kritisk, objektiv og sjølvstendig når du jobbar med juridiske problemstillingar.

Kva tener juristar?

Korleis utdannar du deg til jurist?

For å bli jurist må du ta ein master i juss eller rettsvitskap ved et norsk universitet. Studieforløpet kan variere frå kvart enkelt studiestad. Ved fullført studium er du kvalifisert til å jobbe som jurist, eller for å bli tatt opp til doktorgradsstudium.

Videreutdanning

Vidareutdanning

For å bli advokat kan du først jobbe som advokatfullmektig hos ein advokat, og bestå eksamen etter et obligatorisk advokatkurs som blir tilbode i Oslo, Trondheim, Bergen og Stavanger. Du må ha jobba minst to år som advokatfullmektig, og ha ein viss prosedyreerfaring frå domstolen. Du kan også ha andre former for praksis for å bli advokat.

Om advokatbevilling på lovdata.no
 

Kva jobbar juristutdanna med?

  • 737102 - Master, rettsvitenskap, femårig
  • 737101 - Cand.jur.-utdanning, profesjonsstudiet.
  • 737103 - Master, rettsvitenskap, toårig
  • 737910 - Master of Laws (LL.M.) Programme in EU and EEA Law
  • 737905 - Master of Laws, information and communication technology law
  • 737906 - Master of Laws, maritime law
  • 737908 - Master of Laws, North Sea Energy Law, 1½-årig
  • 737904 - Master of Laws, public international law

Bedrifter: Kor jobbar juristar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med juristar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2521104 - JURIST (PRIVAT SEKTOR OG OFFENTLIGE FORETAK)
  • 2521114 - JURIDISK RÅDGIVER (PRIVAT SEKTOR OG OFFENTLIGE FORETAK)
  • 2521113 - UTREDER (JURIDISKE SAKER PRIVAT SEKTOR OG OFFENTLIGE FORETAK)
  • 2521111 - JURIDISK SEKRETÆR
  • 2521107 - ADVOKATFULLMEKTIG
  • 2521102 - JURIDISK KONSULENT (PRIVAT SEKTOR OG OFFENTLIGE FORETAK)
  • 2521101 - FORSIKRINGSJURIST
  • 2412128 - NEMNDLEDER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADM.)
  • 2412127 - SENIORSKATTEJURIST
  • 2412126 - TVISTELØSELEDER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412125 - TVISTELØSER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412122 - SPESIALUTREDER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412121 - SPESIALKONSULENT (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412119 - SENIORRÅDGIVER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412118 - SENIORKONSULENT (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412117 - SJEFSKONSULENT (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412116 - KONSULENT (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412115 - RÅDGIVER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412114 - SPESIALRÅDGIVER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412112 - UTREDNINGSKONSULENT (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412111 - JURIDISK SAKSBEHANDLER (OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412110 - SAKSBEHANDLER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412109 - JURIDISK RÅDGIVER
  • 2412108 - FAGSJEF (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412107 - FAGKONSULENT (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412106 - UTREDNINGSLEDER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412104 - FØRSTEKONSULENT (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 1239105 - SJEFSJURIST
  • 2521116 - CHIEF COMPLIANCE OFFICER
  • 2521115 - COMPLIANCE OFFICER
  • 2412129 - JURIDISK INTERNREVISJONSLEDER
  • 2521103 - JURIDISK REPRESENTANT (PRIVAT SEKTOR OG OFFENTLIGE FORETAK)
  • 1227252 - NESTLEDER I JURIDISK SEKRETARIAT

Andre yrke

Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.
En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.
Konfirmasjon i Vålerenga kyrkje med prest Einar Gelius.

Prest

Ein prest held gudstenester og har ansvar for kyrkjelege handlingar som vigslingar, konfirmasjon, dåp og gravferder. Presten knyter band mellom kyrkjelege handlingar og menneskes kvardag.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Obduksjonstekniker kledd med plastfrakk og munnbund

Obduksjonsteknikar

Obduksjonsteknikaren utfører obduksjonar og steller lik.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.