Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for frisør, blomster, interør og eksponeringsdesign 28. desember 2024

Interiørkonsulent

Interiørkonsulentar planlegg gode og funksjonelle løysingar for innreiing av rom, alt frå private heim til bedriftslokale.

Arbeidsoppgaver

Interiørkonsulenten innreier ulike typar lokale. Dette kan vere alt frå private heimar til hotellrom og bedriftslokale.

Vanlege arbeidsoppgåver for interiørkonsulenten:

  • finne løysingar som fungerer godt i praksis
  • velje fargar, materiale og møblar
  • lage teikningar, moodboard og anna visualisering av innreiingsforslag
  • velgge belysning og lage belysningsplan
  • rekne ut kostnader og budsjett
  • gjennomføre kundemøte og presentasjonar

I arbeidet er det viktig å lytte til behova og ønska til kunden om innreiing, og kombinere dette med kunnskapen ein sjølv har om interiør og romutforming.

Interiørkonsulentar arbeider med mykje av det same som ein interiørarkitekt, men interiørarkitektar har lengre utdanning og kan ofte ta på seg større oppdrag.

Kor jobbar interiørkonsulenter?

Interiørkonsulentar har eit stort arbeidsfelt. Dei kan til dømes arbeide i møbel-, kjøkken- og baderomsbutikkar. Det er òg behov for interiørkonsulentar innan belysning, teppe, tekstil, solskjerming og bustadstyling. Konsulentane si fargekunnskap vil dessutan vere attraktiv for fargehandlarar og byggjevarehus. Det er òg mogleg å etablere eiga verksemd.

Bli med ein interiørkonsulent på jobb

Korleis er det å jobbe som interiørkonsulent?

En dame med langt, blondt hår står inntil en hvit vegg og smiler med munnen lukket. Hun har på seg en svart tubetopp og et beige skjørt.

Interiørkonsulent

Iselin Sandvin Egidius

– Det er utrolig gøy å se hvordan en bolig kan forandres med riktige møbler, farger og detaljer, sier interiørkonsulent Iselin.

Viktige eigenskapar for ein interiørkonsulent

Ein interiørkonsulent må ha sans for form og fargar. Det er hard konkurranse i bransjen, så stå-på-vilje og evne til å selje deg sjølv er viktig. I tillegg må du kunne sjå kunden sine behov og utvikle løysingar i samsvar med desse.

Kva tener interiørkonsulenter?

Korleis utdannar du deg til interiørkonsulent?

Vil du ta videregående som voksen? Se hvilke tilbud som finnes!

Videreutdanning

Interiør
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for interiørkonsulenter?

Kva jobbar interiørkonsulentutdannede med?

  • 416506 - Interiør, Vg3
  • 416502 - Interiør, Vg3 (gammel ordning)
  • 516504 - Fagskoleutdanning, interiør, ettårig
  • 516503 - Fagskoleutdanning, interiør, toårig
  • 516501 - Fagskoleutdanning, interiør
  • 416503 - Interiør, Vg3, grunnkompetanse (gammel ordning)
  • 516506 - Fagskoleutdanning, interiør - med fokus på inventar, farge- og materialbruk i et bærekraftig perspektiv, toårig
  • 516507 - Fagskoleutdanning, interiør og innredning, ettårig
  • 516509 - Fagskoleutdanning, interiørdesign og boliginnredning
  • 516508 - Fagskoleutdanning, interiørdesign og romarkitektur, toårig

Bedrifter: Kor jobbar interiørkonsulenter?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med interiørkonsulenter

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3471116 - INTERIØRKONSULENT
  • 3471117 - INNREDNINGSKONSULENT
  • 3471127 - SJEFSDEKORATØR
  • 3471125 - DEKORKONSULENT
  • 3471121 - BUTIKKDEKORATØR
  • 3471102 - INNREDER
  • 3471101 - DEKORATØR

Andre yrke

Interiørarkitekt

Interiørarkitekt

Ein interiørarkitekt planlegg korleis hus og bygningar skal sjå ut innvendig.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
En maler står på et kjøkken og strekker seg til toppen av en list. Listen ligger rundt et vindu, og er maskert med blå teip.

Målar

Målarfaget er eit kreativt fag, kor du jobbar både med kroppen og hovudet. Ein målar behandlar og beskyttar forskjellige overflater.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Landskapsarkitekt tegner skisse

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.
Spillprogrammerer skriver kode.

Spelprogrammerar

Som speleprogrammerar utviklar du dataspel og interaktive opplevingar. Du lagar desse for ulike plattformer som PC, mobil, konsollar og VR/AR.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Grunnskolelærer underviser barn i klasserom

Grunnskolelærar

Ein grunnskolelærar arbeidar med elevar frå 1–10. klasse.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskule.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.