Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for teknologi og industrifag 08. februar 2022

Industrimekanikar

Industrimekanikarar held ved like og monterer maskiner og utstyr.

Arbeidsoppgaver

Industrimekanikarar held ved like, lagar, monterer og reparerer maskiner og utstyr. Industrimekanikarar skiftar delar på maskiner og bygger dei om.

Vanlege arbeidsoppgåver for industrimekanikaren:

  • montering og vedlikehald
  • arbeid med røyr og plater
  • søke etter feil på maskiner og prosessutstyr
  • bruk av maskindrivne verktøy

Arbeidet inneber også enklare maskinarbeid og setje saman utstyr. Som industrimekanikar kjenner du til hydrauliske, pneumatiske og elektriske styresystem for maskineri.

Kor jobbar industrimekanikarar?

Industrimekanikarar er ofte tilsett i private verksemder, og jobbar innanfor kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, matvareproduksjon, skipsbygging og treforedling.

Bli med ein industrimekanikar på jobb

Korleis er det å jobbe som industrimekanikar?

Portrett av mann med vernebriller og gul arbeidsgenser.

Industrimekaniker

Christian Bjåland

– Det som var viktig for meg var at det var mange fremtidige muligheter etter utdanning, sier Christian.
Portrettbilde av Leif-Arild. Han står på et verksted og har på seg sort jakke.

Industrimekaniker

Leif-Arild Huseby

Leif-Arild bidrar til at Oslo kommunes innbyggere har rent vann i springen, og kan trekke ned på toalettet.

Viktige egenskaper for en industrimekanikar

Arbeidet er fysisk krevjande. Du bør vere allsidig, tenke heilskapleg og vere sjølvstendig.

Kva tener industrimekanikarar?

Korleis utdannar du deg til industrimekanikar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Med fagbrev i industrimekanikerfag, er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Kva for ei utdanning er vanlegast for industrimekanikarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar maskinindustriutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 555205 - Teknisk fagskole, linje for maskinteknikk
  • 455228 - Metallvareproduksjon, VK II
  • 455225 - Maskinarbeiderfaget, VK II
  • 455216 - Industrimekanikerfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar industrimekanikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med industrimekanikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7237124 - PROSJEKTLEDER (MEKANISK INDUSTRI)
  • 7237123 - VERKSTEDFORMANN (MEKANISK INDUSTRI)
  • 7237122 - INDUSTRIMONTØR (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237121 - REISEMONTØR (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237120 - MEKANIKER (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237119 - VERKSTEDFORMANN (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237118 - VERKSTEDANSVARLIG (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237116 - VEDLIKEHOLDSARBEIDER (INDUSTRIMEKANIKER)
  • 7237115 - VERKSTEDMEDARBEIDER (MEKANISK VERKSTED)
  • 7237114 - JOBBLEDER (MEKANISK VERKSTED)
  • 7237112 - VERKSMESTER (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237111 - SPESIALARBEIDER (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237110 - VERKSTEDARBEIDER (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237109 - FORMANN (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237107 - FAGARBEIDER (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237106 - REPARATØR (INDUSTRIMEKANIKK)
  • 7237105 - MEKANIKER (INDUSTRI)
  • 7237102 - RIGGMEKANIKER
  • 7237101 - INDUSTRIMEKANIKER

Andre yrke

Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-operatør

CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.