Gjennomgått i samarbeid med utdanning.no 19. april 2024

Guide

Som guide leiar du omvisingar for reisande.

Arbeidsoppgaver

Ordet guide kjem frå fransk og betyr «vegvisar». Ein guide leier omvisningar og turar. Guiden er ein formidlar av kunnskap om byen, bygda, severdigheter, museum, institusjonar, i naturen til fjells, skogs eller til vanns, og liknande stader kvar besøkande ferdast.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • leia omvisningar eller turar
  • ta imot gjester og ønske dei velkommen
  • gi råd og tilrådingar til gjester
  • fortelja og halda foredrag 

Jobben som guide blir ofte påverka av sesongane. Som guide kan du visa turistane rundt i buss, i båt, til fots eller med sykkel. En guide har ofte meir spesialkunnskap om ein stad enn ein reiseleiar, som hovudsakleg følgjer med turistane på ulike stader.

Ein guide kan ha eit museum, ei kyrkje eller ei verksemd som sitt spesialfelt. Lokalguidar presenterer reisemålet for gjestene ved å ta dei med til dei severdigheter som finst på staden.

Du kan òg jobba som naturguide, og til dømes ta med gjester på vandringer i naturen eller for å oppsøka viktige naturtypar eller leveområder for plantar og dyr. Det kan vera på fjellet, langs strender eller i sjøen. Dette krev spesialkunnskap og erfaring for å kunna vurdera risikoen og vareta trygginga. Du må like å vera ute i all slags vêr.

Guidar kan òg leia fjellturistar på krevjande fjellturar, dette krev svært spesialisert opplæring og trening. Det kan til dømes vera snakk om tindeveiledere. Dei er ekspertar på klatring, brevandring, fjellskigåing, bratt skikøyring og skredvurdering. Det er i tillegg guidar som er spesielt opplærte for å kunna leia fotturar i fjellområde. Desse guidane har både god lokalkunnskap og planlegg turane etter ønska og kapasiteten til deltakarane.

Andre arbeidsområde er rafting, kvalsafari, nordlysguiding og andre utandørsopplevingar som eks. hundespannkøyring eller ridning.

Som guide blir det kravd at du har brei kunnskap om det fagfeltet eller området du skal guida i. I tillegg må guiden ha gode språkkunnskapar og ofte meistrar fleire fremmedspråk. Du må kunna organisera og ha evne til å omgåast og vareta gjestene på ein god måte.

Guidejobbing i Noreg er sesongbetont, og må som regel blir kombinert med anna arbeid. Lokale guidar i byar og ved turistdestinasjonar har ofte bakgrunn frå jobbar innanfor reiseliv, frå undervisning eller frå andre yrke der det er utstrekt kontakt og samarbeid med andre. Mange guidar har i tillegg bakgrunn frå studiar innanfor historie, kunst og kultur. Norske guidar blir ofte kjenneteikna av høg fagleg kompetanse kombinert med stor forteljarlyst om det lokale området sitt.

Kor jobbar guidar?

Ein guide arbeider ofte frilans og kan få oppdrag frå reisebyrå, destinasjonsselskap eller reiseleiarar. Museum har ofte eigne guidar tilsette på sesongbasis. Dei største byane i Noreg har eigne formidlingssentralar som administrerer guideoppdrag, ofte knytt til byen sitt destinasjonsselskap.

I nokre tilfelle arbeider guidar òg med forretningsreisande, då blir turen ofte tilpassa eit ønskt tema. Som guide i naturen er det vanleg å vera tilsett i eit guidefirma, eller at du sjølv har starta firmaet. Lokalguidar har som regel ei godkjenning for å arbeida innanfor eit bestemt område og med spesifikke tema. Det finst ikkje guideutdanningar i Noreg som dekker heile landet og det er mange forskjellige guideområde.

Bli med ein guide på jobb

Korleis er det å jobbe som guide?

En mann med et langt skjegg. Han har på seg en mørk jakke og t-skjorte, samt en mørk caps og briller. Mannen står foran en rød vegg.

Guide

Jann-Erik Johansen

– Mange ser nok på museer og guidete turer som noe kjedelig, og det vil jeg prøve å gjøre noe med, sier Jann-Erik.

Viktige egenskaper for en guide

Som guide må du vera serviceinnstilt, ansvarsbevisst, ha god stadssans, godt minne og ha evna til å jobba med mange ulike menneske. Det blir kravd god kunnskap innanfor det området du skal guida i. Du må òg kunna inspirera andre og visa entusiasme.

Kva tener guidar?

Korleis utdannar du deg til guide?

Du kan ta guidekurs gjennom ulike private tilbydarar. Lokale guideforeiningar arrangerer kurs som kvalifiserer deg til guideoppdrag innan det området du ønsker å jobba. Vil du jobba med charterturisme i utlandet har dei ulike firmaa eigne kurs.

Du kan òg utdanna deg innan reiseliv både gjennom vidaregåande opplæring og høgare utdanning.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Guideforeiningar i dei ulike byane tek seg ofte av etter- og vidareutdanninga utanom høgsesongen. Auka kompetanse får ein gjerne gjennom foredrag og besøk på firma og museum. 

Kva for ei utdanning er vanlegast for guidar?

Bedrifter: Kor jobbar guidar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med guidar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5113108 - HAVNEVERTINNE (BÅTTURISTER)
  • 5113107 - HAVNEVERT (BÅTTURISTER)
  • 5113106 - TURISTVERT
  • 5113105 - BREFØRER
  • 5113104 - REISELEDER
  • 5113103 - OMVISER
  • 5113102 - GUIDE
  • 5113101 - BEDRIFTSGUIDE

Andre yrke

Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Mann på tur i Jotunheimen.

Naturforvaltar

Naturforvaltaren tek vare på miljøet og naturressursane rundt oss.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgivar har ansvaret for å kommunisera bodskapen i bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar media.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
Landskapsarkitekt tegner skisse

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
En kvinne står bak en lang skranke. Hun har brun hestehale og har på seg en mørkeblå dressjakke. Hun står foran en PC som viser en slags tabell. Foran henne kan man se et hvitt rekkverk. Ved siden av henne er flere andre skjermer og en hylle med diverse permer og annet utstyr.

Resepsjonist

Resepsjonisten er ansiktet til hotellet utover, og sørger for at gjestene får eit flott opphald ved å gi dei god service, og god informasjon.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.