Gjennomgått i samarbeid med NTNU 26. august 2024

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.

Arbeidsoppgaver

Geografar utforskar korleis stader endrar seg over tid, og korleis natur, menneske og samfunn bidreg til desse endringane. Dei tek for seg komplekse spørsmål som kryssar fagfelt, inkludert geologi, biologi, IT, arkitektur, planlegging, sosialantropologi, økonomi og innovasjon.

Typiske utfordringar ein geograf arbeider med kan vere knytte til miljø- og klimaendringar, berekraft, urban utvikling, forvaltning av naturressursar, befolkningsstudiar, økonomisk utvikling, sosial ulikskap i Noreg, landskapsendring eller naturfare.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein geograf:

  • laga konsekvensutgreiingar
  • innsamling av data gjennom feltarbeid
  • utarbeida kart basert på til dømes satellitt- eller flyfoto
  • statistisk analyse av demografiske data
  • prosjektleiing og saksbehandling innan byutvikling og planlegging
  • rådgiving og analysar i samband med regional næringsutvikling
  • ta prøvar for å avdekka lokal forureining

Geografar står overfor varierte utfordringar, som kan inkludere:

  • Vindparkar: Kva for innverknad har etableringa av vindparkar på næringslivet, eller på lokal turisme og fuglelivet?  
  • Bustadfelt og flaumrisiko: Kor bør eit nytt bustadfelt plasserast for å unngå framtidige flaumskadar?
  • Industriell plassering: Kvar er det mest tenleg å plassere ein batterifabrikk for å sikre tilgang til kvalifisert arbeidskraft og god infrastruktur?  
  • Sosial utvikling: Kva kan gjerast for å betre oppvekstvilkåra for barn og unge i forstadsområde?  
  • Universitetsdesign: Korleis kan eit universitet utforme sin campus for å fremje sosial interaksjon blant studentar?  
  • Kunstig intelligens: På kva måte kan kunstig intelligens bidra til kartlegging av vegetasjon og berggrunn i Noreg?  
  • Næringslivet si rolle: Korleis kan norsk næringsliv bidra til miljømessig berekraft og betring av arbeidsvilkår i det globale sør?

Innsamling av data og informasjon i forskingsfeltet, også kalla feltarbeid, er ein viktig arbeidsmetode for geografar. Geografar bruker mange forskjellige metodar for å samla og analysera data frå natur og samfunn. Dette inkluderer mellom anna satellittbilde, GIS (Geografiske Informasjonssystemer), bruk av dronar og anna utstyr for kartlegging, utandørs feltarbeid, statistiske data og kvalitative intervju.

Arbeidskvardagen kan variera mykje avhengig av kva fordypning innanfor geografi du har. I utgangspunktet skil vi ofte mellom to typar geografar:

  • Naturgeografar jobbar hovudsakleg med innsamling og tilarbeiding/fortolking av geografiske data, ved landsmålingar eller ved kartproduksjon. Ofte jobbar naturgeografar med vegetasjon og klima i ulike delar av verda. Som naturgeograf kan oppgåva di vera å sjå på korleis vatn, vind og is endrar landskapet.
     
  • Samfunnsgeografar har fokus på korleis omgivnadene påverkar menneskeleg aktivitet, kultur, velferd og økonomi. Som samfunnsgeografar ser du òg på korleis mennesket påverkar omgivnadene sine.

Kor jobbar geografar?

Geografar kan arbeida både i offentleg og privat sektor. Nokon jobbar i kommunar, fylkeskommunar, direktorat og departement, andre i statlege etatar som Innovasjon Norge, Statens kartverk, Statistisk sentralbyrå, SIVA. Mange jobbar òg i skuleverket eller som forskarar. Andre jobbar som rådgivande ingeniørar, konsulentar eller i næringslivet.

Korleis er det å jobbe som geograf?

Mann i skjorte står foran en datapresentasjon i et mørkt rom.

Geograf

Øystein Skofteland

Geograf Øystein Skofteland var med på å forme hvordan bybanen i Bergen ble laget.
Portrettfoto av kvinne med blondt hår

Geograf

Hedda Bakåsmoen Holm

– Å kunne svare på hvorfor det er som det er, akkurat her, er selve fundamentet i yrket, mener Hedda.

Viktige egenskaper for en geograf

Som geograf må du vera nysgjerrig og kunne sjå aktuelle problemstillingar frå ulike sider. Du bør vera strukturert og analytisk anlagt, men også kreativ og løsningsorientert.

Kva tener geografar?

Korleis utdannar du deg til geograf?

Du kan ta bachelor eller master i geografi for å bli geograf. 

Kva jobbar geografiutdanna med?

  • 8563 - Naturgeografi
  • 8331 - Samfunnsgeografi
  • 7563 - Naturgeografi
  • 733111 - Master, samfunnsgeografi, toårig
  • 7331 - Samfunnsgeografi
  • 656902 - Høgskolekandidat, geografiske informasjonssystemer (GIS), toårig
  • 656901 - Geografiske informasjonssystemer (GIS), ettårig
  • 656302 - Bachelor, naturgeografi, treårig

Bedrifter: Kor jobbar geografar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med geografar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2542104 - SAMFUNNSGEOGRAF
  • 2114108 - NATURGEOGRAF

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Mann på tur i Jotunheimen.

Naturforvaltar

Naturforvaltaren tek vare på miljøet og naturressursane rundt oss.
Geolog inni Pulpi-geoden i Almeria, Spania.

Geolog

Geologi er læra om jorda: hennar samansetjing, oppbygging og utvikling frå første byrjing og fram til i dag.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
Landskapsarkitekt tegner skisse

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklara, og nokre gonger føresjå, det som skjer i jordas indre og ytre.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleumsingeniør

Som petroleumsingeniør arbeider du i olje- og gassbransjen, gjerne med ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
En marinbiolog undersøker tang i fjæra

Marinbiolog

Marinbiologar jobbar med å forske på vekstar, dyr og organismar i vatn.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.