Frisør
Arbeidsoppgaver
Frisøren arbeider tett saman med kundane for å oppfylle ønskje og ta omsyn til føresetnader. Frisøren klipper hår og skjegg. Fargebehandlingar og strukturendringar er ein del av arbeidsoppgåvene. Frisørar må forhalde seg til kundar frå ulike kulturar og tradisjonar.
Vanlege arbeidsoppgåver for frisøren:
- klippe hår og skjegg i maskuline og feminine former
- utføre kjemiske behandlingar som farging og strukturendring av hår
- forme frisyrar til kvardag og fest
- farge vipper og bryn
- stelle og gi råd om hår og hovudbotn
Kor jobbar frisørar?
Dei fleste frisørar jobbar i frisørsalongar. Somme frisørar vel etter kvart å starte opp sin eigen frisørsalong. Andre kan vere tilknytt teater, film eller tv.
Korleis er det å jobbe som frisør?
Frisør
Benedicte Årseth
Frisør
Victor Hanssen
Viktige egenskaper for en frisør
Frisøren må like å jobba tett på kundane sine, så god kommunikasjon og serviceinnstilling er vesentleg. Frisøren må vera kreativ og ha evne til å fullføre oppgåver, like sal, marknadsføring og ein tidvis hektisk arbeidskvardag med tidspress. Du må kunna handtera alle type kundar og menneske, både dei som gir positive og negative tilbakemeldingar. God fysisk form er ein fordel. Frisøren jobbar med mange allergifremkallende produkt, så god forståing av kjemikaliumhandtering, vern og gode HMS-systemer er vesentleg.
Kva tener frisørar?
Dei fleste frisørar har provisjonslønn, dvs dei blir lønte etter kor mykje dei omset for sjølv. Lønt er altså ein viss prosent av inntjeningen frisøren sjølv tar betaling for. Frisørenes Tariffavtale er ein minstelønnsavtale, med lokal forhandlingsrett. Dette betyr at den enkelte frisøren i arbeidsavtalen sin har ein avtalt prosentsats av eigen inntjeningen og ved tariffavtale har dei ein avtalt garanti om minstelønn.
Korleis utdannar du deg til frisør?
Det tek 4 år før du kan ta svennebrev i frisørfaget; hovudløpet er 2 år på skule og 2 år som lærling. Tidlegare skulegang og praksis kan gi frådrag i læretida, men det må kunne visast til 4 år med relevant opplæring før svennebrev kan avleggjast. 5 års praksis i faget kan gi moglegheit til å gå opp til svennebrev som privatist.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i frisørfaget. Les meir om meisterutdanning.
Se bransjeutdanninger for frisørnæringen
Det finnes òg fleire fagskuletilbud for frisørar
Kva for ei utdanning er vanlegast for frisørar?
Kva jobbar frisørutdanna med?
- 483107 - Frisørfaget, Vg3
- 483106 - Frisørfaget, Vg3 (gammel ordning)
- 483103 - Herrefrisørfaget, VK II
- 483101 - Damefrisørfaget, VK II
- 483102 - Frisørutdanning, videregående, avsluttende utdanning
Bedrifter: Kor jobbar frisørar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med frisørar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5141103 - FRISØR
- 1318101 - LEDER (FRISØRSALONG - FÆRRE ENN 10 ANSATTE- PRIVAT VIRKSOMHET)
- 5141110 - FRISØRMESTER
- 5141106 - HERREFRISØR
- 5141105 - DAMEFRISØR
- 5141107 - STYLIST
Andre yrke
Apotekteknikar
Bakar
Bartender
Bibliotekar
Billakkerar
Bilseljar
Blomsterdekoratør
Bussjåfør
Butikkmedarbeidar
Eigedomsmeklar
Forsikringsrådgivar