Flygeleiar
Arbeidsoppgaver
Som flygeleiar har du mykje ansvar og møter ofte på krevjande situasjonar. Jobben din er å sørgja for at fly tek av og landar trygt og raskt. Du skal gi pilotane beskjed om spesifikke høgder, retningar og fart. Du skal mellom anna seia frå når dei kan ta av og landa.
Som flygeleiar hjelper du redningstenesta ved behov.
Arbeidsoppgåvene til flygeleiaren er delt opp i tre område:
- Tårnkontroll – kontroll av fly i som tek av og landar, fly like ved flyplassen, og fly og køyretøy på bakken
- Innflygningskontroll – følgje med på og styre flytrafikken nært flyplassen
- Områdekontroll – følgje med på fly mellom flyplassar, og fly som passerer norsk luftrom
Som flygeleiar må du raskt forstå og danna deg eit bilete av flytrafikken, så du kan leia han på ein sikker og effektiv måte. I jobben har du ulike hjelpemiddel:
- radarframvisarar
- flyplanar
- radiosamband for å snakka med pilotar
- intern kommunikasjon med andre flygeleiarar og AFIS-fullmektige
Kor jobbar flygeleiarar?
Som flygeleiar jobbar du i tårnet eller i innflygingskontrollen på dei største flyplassane i Noreg. Du kan jobba på flyplassar frå Stavanger i sør til Kirkenes i nord. Du kan også jobba ved ein kontrollsentral i Bodø, Stavanger eller Oslo (Røyken).
Korleis er det å jobbe som flygeleiar?
Flygeleder
Martine Rødseth Hjørungdal
Flygeleder
Roe Nerem
Viktige egenskaper for en flygeleiar
Som flygeleiar har du ansvar for menneske og ting av stor verdi. Derfor er det viktig at du tek ansvar, er nøye og toler stress. Du må kunna gjera fleire oppgåver samtidig, vera fokusert og til å stola på. Som flygeleiar må du prata klart og tydeleg, ha god høyrsel og jobba på eiga hand.
Kva tener flygeleiarar?
Som nyutdannar tener flygeleiarar 669 000 kroner i året, per 01.04.2025.
Etter kvart følgjer du ein lønnstabell der lønna aukar med ansiennitet frå 0 til 20 år.
Korleis utdannar du deg til flygeleiar?
Flygeleiarutdanninga tek cirka to år. Merk at søknadsfristen er 15. februar kvart år.
Utdanninga består av:
- Initial training ved CANI i Praha, Tsjekkia (ca 9 månader frå september til juni/juli)
- Transisjonskurs: kurs i norske reglar og føresegner, systemopplæring og meteorologi på Værnes, Trondheim (to veker)
- Praktisk opplæring og trening ved eit kontrolltårn eller ein kontrollsentral i Noreg (ca. 12 månader). Denne perioden leier fram til eksamen og sertifisering som flygeleiar
Opptakskrav:
- Du må ha fylt 19 år 1. januar i opptaksåret
- Generell studiekompetanse med gjennomsnittskarakter 4,0 eller betre frå vidaregåande
- Minimum karakter 3 munnleg og skriftleg norsk
- Minimum karakter 3 i engelsk
- Du må tilfredsstilla krava til tryggleiksklarering og tilfredsstilla fastsette europeiske helsekrav
Avinor utdannar like mange flygeleiarar som Avinor har behov for. Derfor vil det variera frå år til år kor mange som blir tekne opp på studiet.
Kva jobbar flygeleiarutdanna med?
- 681202 - Flygelederutdanning, toårig
- 681201 - Flygelederutdanning, lavere nivå
Bedrifter: Kor jobbar flygeleiarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med flygeleiarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3144101 - FLYGELEDER
- 3144102 - FLYGELEDERASPIRANT
- 1225150 - ASSISTERENDE SJEFFLYGELEDER
- 1225155 - SJEFFLYGELEDER
- 3144103 - LUFTTRAFIKKLEDER
- 4133155 - FLYKOORDINATOR
Andre yrke
Pilot
AFIS-fullmektig
Flymotormekanikar
Elektrofagarbeidar
Avionikar
Kabintilsett fly
Fiskar
Styrmann
FU-operatør
Portør
Komposittbåtbyggar