Gjennomgått i samarbeid med Tekna 09. desember 2024

Fiskehelsebiolog

Som fiskehelsebiolog jobbar du med varetaking av fiskehelse og fiskevelferd.

Arbeidsoppgaver

Ein fiskehelsebiolog har mange av dei same oppgåvene som veterinærar har for dyr på land. Fiskehelsebiologen jobbar breitt innanfor feltet, og dei har som hovudmål å vareta fiskehelse – og velferd. Dette gjer dei gjennom førebyggjande helsearbeid, diagnostisering, rådgiving og behandling av sjukdommar.

Som fiskehelsebiolog, eller veterinær med spesialisering innan akvakultursjukdommar, førebyggjer, påviser og behandlar du sjukdom hos fisk. Målet er å auka produksjonen og redusera dødelegheita ved oppdrettsanlegg. Som fiskehelsebiolog skriv du også ut reseptar for å behandla sjukdommar.

For å jobba som fiskehelsebiolog kan du utdanna deg ved Universitetet i Bergen eller UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø. Gjennom utdanninga spesialiserer du deg på fisk, og lærer om akvakultur, økologi og systema i havet.

Fiskehelsebiologar rapporterer til styresmaktene og passar på at lover og regelverk om hygiene, dyrevelferd og veterinærkontrollar blir følgde. Fiskehelsebiologen kan også gi råd, forska på sjukdommar og parasittar, jobba med ernæring og dessutan laga vaksinar og andre medisinar.

Vanlege arbeidsoppgåver: 

  • ta prøver av fisk, organismar og vatn
  • diagnostisera og behandla sjukdommar
  • gi råd om fiskevelferd og førebyggjande arbeid
  • undervisa og tilby kurs til relevant personell

Kor jobbar fiskehelsebiologar?

Fiskehelsebiologar kan jobba i privat og offentleg sektor i fiskehelsetenesta, i farmasøytisk industri, i fôrfirma, i oppdrettsnæringa, i nasjonal eller internasjonal forvaltning og for konsulentfirma.

Bli med ein fiskehelsebiolog på jobb

Korleis er det å jobbe som fiskehelsebiolog?

Kvinne i utedress og plasthansker sitter på huk med en liten fisk i hånden.

Fiskehelsebiolog

Nina Sandlund

– Å være en fiskehelsebiolog er å være en veterinær for fisker, forteller Nina.

Viktige egenskaper for en fiskehelsebiolog

For å jobba som fiskehelsebiolog bør du interessera deg for kjemi, biologi og fisk. Det krevst at du er nøyaktig, sjølvstendig og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Kva tener fiskehelsebiologar?

Korleis utdannar du deg til fiskehelsebiolog?

Det er to hovudvegar til å bli fiskehelsebiolog. Du kan ta det femårige profesjonsstudiet med integrert master i fiskehelse og søke om autorisasjon som fiskehelsebiolog. Alternativt kan du utdanne deg til veterinær og spesialisere deg i akvakultursjukdommar.

Kva jobbar fiskehelseutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 771109 - Master, fiskehelse/akvamedisin (aquatic medicine), toårig
  • 771106 - Master, fiskehelse/akvamedisin, femårig
  • 771103 - Fiskehelsestudiet
  • 771101 - Cand.scient.-utdanning, fiskehelse
  • 751599 - Marin- og ferskvannsbiologi, uspesifisert, høyere nivå

Bedrifter: Kor jobbar fiskehelsebiologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fiskehelsebiologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 6310105 - AKVAKULTURARBEIDER

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Aktuar jobber med analyse.

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.
Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Bonde bak gjerde med kyr i bakgrunnen.

Bonde

Som bonde er du sjølvstendig næringsdrivande og driv din eigen gard.
Yrkesdykker som jobber under vann

Dykkar

Ein yrkesdykkar utfører arbeid under vatn.
Dyrepleier undersøker hund

Dyrepleiar

Som dyrepleiar hjelper du veterinæren i det daglege arbeidet. Arbeidsdagen består av omsorg, pleie og behandling av dyr.