Gjennomgått i samarbeid med Ergoterapeutene 14. juni 2024

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.

Arbeidsoppgaver

Ergoterapeutar bidrar til løysingar når det oppstår eit gap mellom ein persons helse og kvardagens krav. Som ergoterapeut gir du menneske moglegheit til å leve eit aktivt liv.

Ergoterapeutar arbeider for at alle skal kunne delta og vere mest mogleg aktive i leik, læring, arbeid og kvardagen elles. Som ergoterapeut kartlegg du kva som hindrar eller muleggjer kvardagsaktivitetar og fokuserer på kva som er viktig i livet til den personen du skal hjelpe.

For å nå måla arbeider ergoterapeutar for at personar skal meistre aktivitetane sine i ulike omgivnader.

Dette omfattar innsats på tre område:

  • den einskilde innbyggar si meistring og utføring av kvardagsaktivitetar gjennom trening og motivering
  • tilrettelegging av aktivitetar
  • tilpassing av omgivnader med universell utforming, bustadtilpassing og velferdsteknologi

Ergoterapeut er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Kor jobbar ergoterapeutar?

Ergoterapeutar kan arbeide helsefremjande og førebyggande, for eksempel i frisklivssentralar, bedriftshelseteneste og folkehelsearbeid.

Ergoterapeutar kan arbeide innanfor behandling på sjukehus og opptreningsinstitusjonar, dei kan arbeide rehabiliterande i spesialinstitusjonar og kommunehelsetenesta. For eksempel innanfor NAV, kvardagsrehabilitering og hjelpemiddelformidling. Ergoterapeutar kan òg jobbe utanfor helsetenestene i andre bransjar.

Bli med ein ergoterapeut på jobb

Korleis er det å jobbe som ergoterapeut?

Kvinne i hvite helseklær.

Ergoterapeut

Thea Bakken

– Du må være god til å kommunisere og være empatisk – du ser mange sårbare grupper, forteller Thea.

Viktige eigenskapar for ein ergoterapeut

Ein ergoterapeut jobbar med og saman med menneske, både sjølvstendig og i team. Du må derfor vere tillitvekkande, og ha god evne til å kommunisere og samarbeide med andre.

Kva tener ergoterapeutar?

Korleis utdannar du deg til ergoterapeut?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Som ergoterapeut kan du ta master i ergoterapi og ei rekke tverrfaglege vidareutdanningar og mastergrader. 

Kva for ei utdanning er vanlegast for ergoterapeutar?

Kva jobbar ergoterapeututdanna med?

  • 665199 - Ergoterapi, uspesifisert, lavere nivå
  • 665103 - Videreutdanning for ergoterapeuter
  • 665102 - Bachelor, ergoterapi, treårig
  • 665101 - Ergoterapeututdanning, treårig.
  • 765102 - Master, ergoterapi, toårig
  • 761904 - Master, rehabilitering, toårig

Bedrifter: Kor jobbar ergoterapeutar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med ergoterapeutar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3226119 - ERGOTERAPEUT (PSYKISK HELSEARBEID)
  • 3226117 - SPESIALERGOTERAPEUT
  • 3226116 - SJEFERGOTERAPEUT
  • 3226114 - AVDELINGSERGOTERAPEUT
  • 3226106 - LEDENDE ERGOTERAPEUT
  • 3226104 - KOMMUNEERGOTERAPEUT
  • 3226101 - ERGOTERAPEUT

Relaterte lenker

Andre yrke

Helsefagarbeidar som hjelper ein mannleg pasient med barberingen.

Helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar gir du omsorg, og utfører grunnleggjande sjukepleie til menneske i alle aldrar.
Helsesykepleier måler hodeomkretsen til nyfødt baby.

Helsesjukepleiar

Som helsesjukepleiar gjer du eit viktig arbeid med å ta vare på den fysiske og psykiske helsa til barn og unge.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
En kvinne holder en bunke brettede håndklær og smiler mot kamera. Hun har på seg en grå genser og en blå vest. Hun har brunt hår i en hestehale. Hun er innendørs i et rom med hvite vegger.

Heimehjelp

Ei heimehjelp hjelper menneske som treng bistand til daglege gjeremål.
Hudpleier gir behandling til kunde.

Hudterapeut

Ein hudterapeut behandlar hud og kropp, og førebygger hudproblem.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Obduksjonstekniker kledd med plastfrakk og munnbund

Obduksjonsteknikar

Ein obduksjonsteknikar utfører obduksjonar, og handterer og steller døde.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.
Kostøkonom prater med kokker

Kostøkonom

Kostøkonomar har ansvar for at storkjøkken serverer god og næringsrik mat til ein forsvarleg pris.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar jobbar du med akuttmedisin, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade.