CNC-operatør
CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Arbeidsoppgaver
CNC er ei forkorting for Computer Numerical Control. CNC-maskiner blir brukt til datastyring av bor, slipere, sveisemaskiner, fresere og liknande i mekaniske verkstader. CNC-maskiner kan òg nyttast til å datastyra produksjonsmaskiner innan forskjellige typar industri.
Ein CNC-operatør brukar ei datamaskin til å styra mekaniske maskiner som omarbeider materiale. Dette omfattar planlegging, programmering, produksjon og overvaking av prosessen.
CNC-operatøryrket vil bli meir og meir påverka av automatisering og autonome prosessen. Derfor må CNC-operatøren følgja med den digitale utviklinga.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein CNC-operatør:
- motta materiale
- planlegga arbeidet utor materialegenskaper, velja skjæreverktøy og skjæredata
- simulera, optimalisera og feilsøke CNC-program
- utføra vedlikehald av maskinene
- delta i utvikling av nye produkt og produksjonsprosessar
Som CNC-operatør er det å bruka digitale hjelpemiddel og lesa teikningar ein viktig del av arbeidet.
Kor jobbar CNC-operatørar?
CNC-operatøren arbeider innan kjemisk industri, mekanisk industri, oljeverksemd, farmasøytisk industri, treforedling og skipsbygging.
Bli med ein cnc-operatør på jobb
Korleis er det å jobbe som cnc-operatør?
CNC-operatør
Vebjørn Valmestadrød
Viktige egenskaper for en cnc-operatør
Som CNC-operatør bør du vere interessert i maskiner og teknologi. Du bør vere svært nøyaktig og effektivt og vere ansvarsmedviten i arbeidet. Du bør vere sjølvstendig og kunne samarbeide med andre.
Kva tener CNC-operatørar?
Korleis utdannar du deg til cnc-operatør?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Videreutdanning
Med fagbrev i CNC-maskineringsfag, er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.
Kva jobbar CNC-operatørutdanna med?
- 455247 - CNC-maskineringsfaget, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar CNC-operatørar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med CNC-operatørar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 8212103 - CNC-OPERATØR