Gjennomgått i samarbeid med 06. februar 2019

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.

Arbeidsoppgaver

Ein båtbyggar produserer, reparerer og held ved like båtar. Arbeidet inkluderer alt frå skrog og overbygg til innreiingar og installasjonar på båtane.

Båtbyggaren bruker både tradisjonelle og moderne materialar og verktøy. Dei fleste båtbyggarar arbeider enten med tre eller komposittmaterialar som glasfiber og plast. Det er vanleg å spesialisere seg, men mange har kompetanse på begge områda.

Les meir om:

Korleis er det å jobbe som båtbyggar?

Portrettfoto av komposittbåtbyggar Jack André Jakobsen

Komposittbåtbyggar

Jack André Jakbosen

– Det er eit stort behov for folk med denne fagutdanninga, seier komposittbåtbyggar Jack André Jakobsen. Han reparerer og held ved like båtar.

Korleis utdannar du deg til båtbyggar?

Kva jobbar båtbyggarutdanna med?

  • 458341 - Trebåtbyggerfaget, Vg3
  • 458335 - Komposittbåtbyggerfaget, Vg3
  • 458326 - Komposittbåtbyggerfaget, Vg3 (gammel ordning)
  • 458317 - Trebåtbyggerfaget, Vg3 (gammel ordning)

Bedrifter: Kor jobbar Båtbyggarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med Båtbyggarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8224123 - PLASTBÅTBYGGER
  • 7422105 - FORMANN (TREBÅTBYGGING)
  • 7422103 - FAGARBEIDER (TREBÅTBYGGING)
  • 7422102 - ARBEIDSLEDER (TREBÅTBYGGING)
  • 7422101 - TREBÅTBYGGER
  • 8224121 - PLASTSTØPER

Andre yrke

En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Børsemaker jobber med rifle

Børsemakar

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.
To hender som jobber med seletøy

Salmakar

Ein salmakar lager, reparerer og held ved like selety og bilinteriør.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.
Gullsmed i arbeid

Gullsmed

Som gullsmed skapar du smykke og andre gjenstandar av edle metall.
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
En møbelsnekker lager en stol på en benk

Møbelsnikkar

Ein møbelsnikkar vel, formar og set saman materiale til møblar og innreiingar.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Fu-operatør styrer undervannsfarkoster

FU-operatør

FU-operatøren styrer undervassfarkostar og andre undervassverktøy.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.