Gjennomgått i samarbeid med UiO, Institutt for teoretisk astrofysikk 11. desember 2023

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.

Arbeidsoppgaver

Astronomi er vitskapen om universet utanfor jorda. Astronomar, òg kalla astrofysikarar, er forskarar som undersøker samansetnaden, utviklinga og rørslene til planetar, galaksar, stjerner og andre himmellekamar og fenomen i universet. 

Forskinga til astronomen er basert på fysikk og matematikk. Astronomar brukar høgteknologisk verktøy til å samle informasjon og analyserer informasjonen ved hjelp av avanserte dataprogram.

Gjennom dette arbeidet simulerer astronomar utviklinga og rørslene til stjerner og andre objekt. 

Kor jobbar astronomer?

Mange astronomar er tilsette på universitet og høgskolar, der dei driv med forsking og undervising. Du kan og få jobb som forskar andre stader, til dømes ved SINTEF. Som astronom eller astrofysikar har du gode ferdigheiter i matematikk, fysikk og programmering. Derfor kan du og få jobb i skoleverket eller til dømes innanfor teknologibransjen, meteorologi, flysikkerheit eller bank og forsikring.

Bli med ein astronom på jobb

Korleis er det å jobbe som astronom?

En mann i rød og grå turjakke med ryggsekk. Han står ute foran en lys bygning.

Astronom

Vegard Lundby Rekaa

– Det jeg liker aller best, er at jeg fortsatt får lov til å være nysgjerrig og stille store spørsmål om verdensrommet, sier Vegard.
Et portrettbilde av en mann i svart t-skjorte. Bak ham er det en hvit tavle med påskrevet tekst og tegninger.

Astronom

Øyvind Christansen

– Det vi observerer i astrofysikken er vinduer inn til veldig spennende fysikk som kan gi oss svar på store spørsmål, sier Øyvind.

Viktige egenskaper for en astronom

For å arbeide med astronomi må du vere interessert i realfag og teknologi. Du må vere detaljorientert og systematisk, sidan ein stiller strenge krav til at arbeidet er nøyaktig. 

Kva tener astronomer?

Korleis utdannar du deg til astronom?

Utanom svært gode kunnskapar i astronomi, treng du bakgrunn på universitetsnivå i mellom anna matematikk, fysikk og informatikk (data).

For å få jobb må du vanlegvis ha fullført bachelor- og masterutdanning. For å drive med forsking må du i tillegg ta doktorgrad.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Forskinga fører til nye oppdagingar, og det er svært viktig for ein astronom å alltid halde seg oppdatert og vidareutvikle kompetansen sin i faget. 

 

Kva for ei utdanning er vanlegast for astronomer?

Kva jobbar astronomi- og fysikkutdannede med?

  • 8521 - Fysiske fag
  • 752112 - Master, astronomi, toårig
  • 752103 - Cand.scient.-utdanning, astronomi.
  • 752101 - Cand.real.-utdanning, astronomi.

Bedrifter: Kor jobbar astronomer?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med astronomer

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2111102 - ASTRONOM
  • 2111101 - ASTROFYSIKER
  • 2111108 - FORSKER (FYSIKK OG ASTRONOMI)
  • 2111107 - SENIOR KONSULENT (FYSIKK OG ASTRONOMI)
  • 2111106 - SJEFSKONSULENT (FYSIKK OG ASTRONOMI)

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Satellitteknologi.

Romteknolog

Som romteknolog arbeider du med forsking og utvikling av romrelatert teknologi.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid

Kjemiingeniør

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.
Førsteamanuensis i arbeid

Førsteamanuensis

Ein førsteamanuensis har svært høg kompetanse innanfor fagfeltet sitt, og jobbar med undervising og forsking ved universitet og høgskular.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
I forgrunnen er det en orange kopp med fargeblyanter, i bakgrunnen er det en tavle med matematiske formler på.

Matematiker

Ein matematikar arbeider vanlegvis med ulik bruk av matematikk, matematisk forsking eller undervising.
To sivilingeniører inspiserer et teknisk rom

Sivilingeniør

Sivilingeniørar utviklar teknologiske løysingar, og jobbar med forsking, utvikling, undervisning, prosjektarbeid og leiing.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.