Astrofysikar
Arbeidsoppgaver
Ein astrofysikar er ein forskar som bruker fysikk for å forstå universet. Du studerer alt frå sola til fjerne galaksar, svarte hol og heile universet. Som astrofysikar baserer du forsking på matematikk, fysikk, utrekning og koding.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein astrofysikar:
- bruker fysikk til å undersøkja utviklinga til planetar, stjerner, svarte hol, mørk materie og mørk energi
- observerer og bruker avanserte kodar, blant dei kunstig intelligens, for å analysera data frå observasjonane
- samanlikna observasjonar med simuleringar av objekta og hendingar
- utfører matematiske berekningar og utviklar algoritmar
- planleggja oppskyting av satellittar og ubemanna romfartøy som blir brukte til å samla data til forsking
Astrofysikk er vitskapen om universet utanfor jorda. Astrofysikar blir også kalla astronom.
Kor jobbar astronomer?
Som astrofysikar kan du jobba i både privat og offentleg sektor. Du kan jobba på universitet og høgskule der dei driv med forsking og undervisning. Mange jobbar i teknologibransjen, klimaforsking, meteorologi, flytryggleik, bank og forsikring. Nokon jobbar i konsulentselskap og i skulen.
Bli med ein astrofysikar på jobb
Korleis er det å jobbe som astrofysikar?
Astronom
Vegard Lundby Rekaa
Astronom
Øyvind Christansen
Viktige egenskaper for en astrofysikar
Som astrofysikar må du like realfag og teknologi. Du må vera nøyaktig og oppteken av detaljar. Det er ein fordel om du er nysgjerrig.
Kva tener astronomer?
Korleis utdannar du deg til astrofysikar?
Forutan svært gode kunnskapar i astronomi treng du bakgrunn på universitetsnivå i mellom anna matematikk, fysikk og informatikk (data).
For å få jobb må du normalt ha fullført bachelor- og masterutdanning. For å driva med forsking må du i tillegg ta doktorgrad.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Forskinga fører til nye oppdagingar, og det er svært viktig for ein astronom å alltid halde seg oppdatert og vidareutvikle kompetansen sin i faget.
Kva for ei utdanning er vanlegast for astronomer?
Kva jobbar astronomi- og fysikkutdannede med?
- 8521 - Fysiske fag
- 752112 - Master, astronomi, toårig
- 752103 - Cand.scient.-utdanning, astronomi.
- 752101 - Cand.real.-utdanning, astronomi.
Bedrifter: Kor jobbar astronomer?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med astronomer
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2111102 - ASTRONOM
- 2111101 - ASTROFYSIKER
- 2111108 - FORSKER (FYSIKK OG ASTRONOMI)
- 2111107 - SENIOR KONSULENT (FYSIKK OG ASTRONOMI)
- 2111106 - SJEFSKONSULENT (FYSIKK OG ASTRONOMI)
Andre yrke
Fysikar
Romteknolog
Marinbiolog
Astronaut
Radiolog
Geograf
Professor
Kardiolog
Produktutviklar fiskefôr
Ingeniør
Geolog