Gjennomgått i samarbeid med Arkivarforeningen 03. oktober 2023

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.

Arbeidsoppgaver

Ein arkivar kan jobba med arkiv og dokumentasjonsbehandling i forvaltninga eller i ein arkivinstitusjon som bevarer historiske arkiv. Arbeidsoppgåver avheng av arbeidsstad.
Arkivarar i arkivdanninga/forvaltninga:

Arkivdanning handlar om å skapa arkiv. Som arkivar her, jobbar du med dokumentforvaltning i verksemda du er tilsett i. Her kan du ha ulike stillingsnemningar, som til dømes konsulent og rådgivar.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • journalføring og registrering
  • kvalitetssikring
  • gjenvinning av dokumentasjon
  • oppfølging av rutinar knytt til dokumenthandtering

Arkivarar i arkivinstitusjonar:

Som arkivar i arkivinstitusjonar (også kalla depotinstitusjonar) jobbar du som arkivar med arkiv som er leverte til arkivinstitusjonar. Det vil seia arkiv som ikkje lenger er i aktiv bruk i ei verksemd.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • katalogisering og skildring av arkiva og den historiske konteksten deira
  • gjera arkiv tilgjengeleg som kjelder for forskarar og andre
  • saksbehandling knytt til innsyn i arkiva
  • formidling av arkiv og historie til ulike målgrupper

Arkivarar må kunna ta i bruk ny teknologi slik at ein kan tilpassa arkivverksemda til utviklinga i faget. Det finst IT-arkivar-stillingar i dei fleste depotinstitusjonane, med krav om IT-fagleg kompetanse.

For arkivaryrket blir det etterspurt høgare utdanning og for arkivarar i depotinstitusjonar trengst ofte mastergrad eller liknande.

Kor jobbar arkivarar?

Ein arkivar kan arbeide både i offentleg og privat sektor. Det finst ulike arkivarstillingar innan til dømes Arkivverket, dei kommunale arkivordningane, museum og andre offentlege verksemder.

Stadig fleire private verksemder tilset òg arkivarar for å kunne ta vare på den veksande informasjonsmengda si. Her kan arkivaren gjerne kallast Records Information Manager eller Document Manager.

Korleis er det å jobbe som arkivar?

En mann med briller og blå skjorte ved en arkivhylle.

Arkivar

Nils Olav Berge-Rekkedal

– Vi sikrer arkiv for fremtiden, som har rettslig, kulturell og forskningsmessig verdi. Det er viktig for et åpent demokrati, mener Nils Olav.
Vanja er en entusiastisk arkivar som ikke tror at faget er utdøende. - Vi vil alltid ha behov for mennesker som utøver skjønn, sier hun.

Arkivar

Vanja Valjord Christensen

For å lære faget, tok jeg ulike kurs via Norsk arkivråd og Arkivskolen. Jo mer jeg lærte, jo mer begeistret ble jeg, forteller Vanja Valjord Christensen.

Viktige egenskaper for en arkivar

Du bør vere strukturert og ryddig og kunne til ei kvar tid ha oversikt over store mengder informasjon. Du må like å vere rundt menneske, vere serviceinnstilt og kunne formidle kunnskap.

Kva tener arkivarar?

Korleis utdannar du deg til arkivar?

Arkivaren må ha høgare utdanning, gjerne arkivrelevante fag som arkivfag, historie, samfunnsvitskaplege fag, jus, økonomi og IT. Arkivar er ikkje ein beskytta tittel og det er mange måtar å skaffe seg arkivkompetanse på. 

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Norsk Arkivråd tilbyr kurs og seminar til arkivarar.

Kva for ei utdanning er vanlegast for arkivarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar arkiv- og historieutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 713909 - Master, arkeologi, kunsthistorie og konservering, toårig
  • 713413 - Master, kultur- og idéstudier, toårig
  • 713412 - Master, kulturvitenskap, toårig
  • 7131 - Historieutdanninger
  • 613402 - Arkivkunnskap, lavere nivå

Bedrifter: Kor jobbar arkivarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med arkivarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 4141112 - MEDARBEIDER (ARKIV)
  • 4141101 - ARKIVMEDARBEIDER
  • 2531119 - ARKIVLEDER
  • 2531107 - KOMMUNEARKIVAR
  • 3492108 - FJERNSYNSARKIVAR
  • 2531109 - FYLKESARKIVAR
  • 2531102 - ARKIVAR (MUSEUM, OFF.ARKIV. OL.)
  • 1227290 - STATSARKIVAR
  • 1210177 - RIKSARKIVAR
  • 1229119 - DIREKTØR (ARKIV)
  • 4141102 - ARKIVASSISTENT
  • 1239102 - ARKIVSJEF
  • 3492107 - FJERNSYNSARKIVLEDER
  • 4141104 - FULLMEKTIG (ARKIV)
  • 4141106 - FØRSTEFULLMEKTIG (ARKIV)

Andre yrke

Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Ein advokatsekretær sørger for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Helsesekretær

Helsesekretær

Som helsesekretær er du utdanna sekretær tilpassa helsevesenet.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.