Gjennomgått i samarbeid med Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo 04. mars 2025

Arkitekt

Arkitektar jobbar med å forma ut hus, bygningar, byar og stader.

Arbeidsoppgaver

Som arkitekt har du mange ulike arbeidsoppgåver. Dette kan vera alt frå planlegging og teikning av små og store bygningar inkludert tilbygg og interiør, til byplanlegging og stadsutvikling. Du vil også arbeida med å forma ut landskap og strukturar i store transportanlegg. Arkitektar kan også planleggja korleis ei tomt kan byggjast ut eller kva eit område kan innehalda. Dette er også noko landskapsarkitektar jobbar med og arbeidsoppgåvene er derfor overlappande.

Du vil også kunna vera med å skapa berekraftige og gode løysingar som svarer på vår tids utfordringar. Dette kan knytast til val av materiale, energiløysingar, der ein byggjer og korleis byggja for berekraftige måtar å leva på. Derfor er arkitekten også ein samfunnsutviklar. Styrken til arkitekten er evna til å analysera, skapa visjonar og omsetja menneskelege behov til haldbare, vakre og funksjonelle løysingar. For å skapa god og variert arkitektur, er det behov for arkitektar med ulik erfaringsbakgrunn.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein arkitekt:

  • planleggja, utvikla og designa nye og eksisterande bygningar og konstruksjonar
  • transformera og restaurera historiske bygningar og bygningar som skal gjenbrukast
  • planleggja , utvikla og designa byar, stader, nabolag og landskap
  • leia prosessar for byggjeprosjekt, by- eller stadsutvikling, som inkluderer mange fagområde og brei medverknad

Som utdanna arkitekt kan du kombinera og vektleggja ulike sider av arkitekturfaget. Arkitekten har dydbekunnskap om formgivning og estetikk, og prosjekt-/prosessleiing. Det vil seia å kunna finna praktiske løysingar for å skapa vakre, haldbare og funksjonelle bygg og stader.

Arkitekten har også djupnekunnskap om materiale, konstruksjonar og bruk, og gjenbruk og ombruk av materiale. Arkitekten kan utvikla nye idear og har ei konseptuell og teknologisk forståing.

Arkitektur og stadsutvikling blir skapt gjennom innovasjon og samarbeid på tvers av mange fag. Arkitektar samarbeider ofte med landskapsarkitektar, planleggjarar, ingeniørar, entreprenørar og eigedomsutviklarar, samfunnsvitarar, økonomar og ekspertar innan kulturminnevern som kunsthistorikarar og arkeologar.

Arkitektar med sivilarkitekteksamen eller mastergrad i arkitektur kan bli medlem av Norske arkitekters landsforbund og Arkitektenes Fagforbund.

Kor jobbar arkitektar?

Som arkitekt kan du jobba i arkitektfirma, som konsulent for byggjebransjen, vera kommunalt tilsett eller jobba med bygnings- og utviklingsrelaterte spørsmål i departement. Arkitektar har både private og offentlege oppdragsgivarar.

Bli med ein arkitekt på jobb

Korleis er det å jobbe som arkitekt?

Mann i hvit strikket genser står i kontorlandskap.

Arkitekt

Lasse Haldrup Juul

– Kunden har ofte enten store visjoner for bygget sitt eller har kjørt helt fast, men som arkitekt må man se helheten, sier Lasse.
Johan Jordtvedt jobber på et arkitektkontor i Tønsberg. Hovedoppgaven hans nå er å tegne et aktivitetssenter for mennesker med nedsatt funksjonsevne.

Arkitekt

Johan A. Jortvedt

Som arkitekt syr jeg sammen menneskers mange behov og interesser for å skape den optimale løsningen.

Viktige egenskaper for en arkitekt

Som arkitekt bør du vera kreativ og ha god forståing av form og estetikk. Du må ha ei god forståing for korleis fysiske omgivnader påverkar oss, og eit ønske om å ta del i utforminga av desse.

Kva tener arkitektar?

Korleis utdannar du deg til arkitekt?

Kva for ei utdanning er vanlegast for arkitektar?

Kva jobbar arkitektutdannede med?

  • 757299 - Arkitektur, uspesifisert, høyere nivå
  • 757205 - Master, arkitektur, femårig
  • 757204 - Master, arkitektur, 5½-årig
  • 757201 - Sivilarkitektutdanning.

Bedrifter: Kor jobbar arkitektar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med arkitektar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2141115 - ARKITEKT, SIVIL
  • 2141122 - SIVILARKITEKT
  • 2141128 - PRAKTIKANT (ARKITEKT)
  • 2141121 - SENIORRÅDGIVER (ARKITEKT)
  • 2141120 - SENIOR KONSULENT (ARKITEKT)
  • 2141119 - SJEFSKONSULENT (ARKITEKT)
  • 2141118 - OVERARKITEKT
  • 2141106 - SENIORARKITEKT
  • 2141103 - SJEFSARKITEKT
  • 2141102 - AVDELINGSARKITEKT
  • 1227218 - FYLKESARKITEKT
  • 1227154 - BYARKITEKT
  • 1227136 - KOMMUNEARKITEKT

Andre yrke

Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.
Landskapsarkitekt tegner skisse

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Bilde av landmålere i arbeidsuniform som betjener et landmålingsapparat

Landmålar

Ein landmålar måler opp og markerer grenser i terrenget.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
To sivilingeniører inspiserer et teknisk rom

Sivilingeniør

Sivilingeniørar utviklar teknologiske løysingar, og jobbar med forsking, utvikling, undervisning, prosjektarbeid og leiing.
Mann på tur i Jotunheimen.

Naturforvaltar

Naturforvaltaren tek vare på miljøet og naturressursane rundt oss.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Geolog inni Pulpi-geoden i Almeria, Spania.

Geolog

Geologi er læra om jorda: hennar samansetjing, oppbygging og utvikling frå første byrjing og fram til i dag.
Industridesigner

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.
Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosessteknikar

Prosessteknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg.