Ambassadør
Arbeidsoppgaver
Noreg har rundt 100 utanriksstasjonar (ambassadar, delegasjonar og generalkonsulat) rundt om i verda. Ambassadar og delegasjonar blir leidde av ambassadørar, medan generalkonsulat blir leidde av generalkonsular. Ambassadøren er ein diplomat, og er tilsett i Utanriksdepartementet (UD) og tenestegjer for ein avgrensa periode ved ein av Noregs utanriksstasjonar.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein ambassadør:
- hjelp nordmenn i utlandet ved til dømes ulykker, sjukdom, dødsfall eller straffeforfølging
- framme Noregs omdømme og norsk kultur
- framme norske næringslivsinteresser
- framme Noregs politiske og økonomiske interesser i utlandet
Ein ambassadør må ha gode språkkunnskapar, spesielt i engelsk og helst også i det språket som blir brukt på tenestestaden. Som ambassadør bør du vera flink til å forstå andre kulturar og tankesett. Du må ha svært god kunnskap om norsk og internasjonal politikk, og du bør kunna mykje om Noreg og om det landet du er stasjonert i.
Du må også ha leiarerfaring og kunnskap om den daglege drifta av ein utanriksstasjon, som budsjettstyring, personalleiing, tryggleik og arbeidsmiljø.
Dei fleste ambassadørar har lang erfaring frå ulike stillingar i utanrikstenesta, og mange kjem inn i tenesta etter å ha teke aspirantkurset. Men nokon har annan bakgrunn, til dømes blir enkelte utnemnde til ambassadør fordi dei mellom anna har erfaring frå tunge politiske verv.
Kor jobbar ambassadørar?
Ambassadøren er tilsett i Utanriksdepartementet (UD) og jobbar ved ein av Noregs ambassadar rundt om i verda.
Korleis er det å jobbe som ambassadør?
Ambassadør
Ingrid Marie Mikelsen
Viktige egenskaper for en ambassadør
For å bli ambassadør må du vera flink til å omgåast menneske, kunne kommunisera godt og vera svært tilpassingsdyktig. Du må vera spesielt interessert i norsk og internasjonal politikk. Dessutan bør du vera nysgjerrig på, og ha respekt for, andre kulturar.
Kva tener ambassadørar?
Korleis utdannar du deg til ambassadør?
Utanriksdepartementets aspirantopptak er ein vanleg måte å bli rekruttert til utanrikstenesta på, men du kan også bli tilsett i Utanriksdepartementet ved utlysing av ledige enkeltstillingar. Det er ikkje eit krav om å gjennomføra aspirantopplæring for å bli diplomat. Aspirantopplæringa blir gitt normalt til dei som er tekne opp som aspirantar, men enkelte delar av opplæringa blir også tilboden andre tilsette i utanrikstenesta. Før utreise til utanriksstasjonar er det vanleg å bli pålagd å gjennomføra fleire ulike førebuande kurs.
UDs aspirantkurs er eit treårig praktikant-program med sikte på fast jobb i utanrikstenesta. Kurset er ein kombinasjon av opplæring og praksis – i Noreg og utanlands. Årleg blir det teke opp om lag 15 aspirantar.
Meir informasjon om aspirantordninga finn du på Utanriksdepartementets sider.
Opptakskrav
- høgare utdanning, helst på masternivå, med svært gode resultat (det er vanleg å ha juss, statsvitskap, økonomi eller historie)
- svært gode kunnskapar i engelsk og helst andre språk i tillegg
- sterke mellommenneskelege og interkulturelle ferdigheiter
- noko internasjonal arbeidserfaring er ein fordel
- tilpassingsdyktigheit
- vera norsk statsborgar
- god vandel
Kva jobbar personar med UD-aspirantkurs med?
- 731901 - Aspirantkurs for utenrikstjenesten
Bedrifter: Kor jobbar ambassadørar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med ambassadørar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 1120138 - AMBASSADØR
Andre yrke
Personalsjef
Politijurist
Redaktør
Kaptein
Advokatsekretær
Filosof
Saksbehandlar
Sosiolog
Politikar
Kriminolog
Politi