To hender som jobber med seletøy
Yrkesskildring

Salmakar

favoritt ikon

Ein salmakar lager, reparerer og held ved like selety og bilinteriør.


Ein salmakar produserer, reparerer og held ved like bilsete, selety, ridesalar, koffertar, vesker og liknande. Arbeidsoppgåvene avheng av kva for ein spesialisering salmakaren har. 

Salmakaryrket inneber mest arbeid med skinn og lêr, men også kunstskinn, duk og lerret.

Vanlege arbeidsoppgåver for ulike salmakarar:

Seletymakaren eller hestesalmakaren

  • reparerer, stoppar og tilpassar salar
  • syr grimer og anna hesteutstyr
  • gjev hesteeigarane råd om salar og selety

Bilsalmakaren

  • stoppar, polstrar og trekkjer bilsete i veteranbilar, nye bilar, hestevognar, bussar, tog, fly og liknande
  • syr puter, lause trekk og liknande
  • lager salar til motorsyklar

Porteføljesalmakaren

  • produserer og reparerer dokumentmapper, vesker og lommebøker av lêr og skinn

Somme salmakarar tek også på seg spesielle innreiingsoppdrag eller stoppar eller trekkjer om møblar.

Kvar arbeider salmakarar?

Mange salmakarar driv eigne føretak som seletymakar eller bilsalmakar. Mange arbeider aleine eller har nokre få tilsette. Bilsalmakarar kan vere tilsette i køyretøy- og båtverkstader. 

Personlege eigenskapar

Som salmakar bør du ha praktiske evner og formsans. Kontakt med kundar er viktig, så gode kommunikasjonsferdigheiter og serviceinnstilling kjem godt med.

Utdanning

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

Vil du ta fagbrev, svennebrev eller vitnemål med yrkeskompetanse? Se hvilke muligheter som finnes i Veien til fagbrev.

Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i salmakarfaget. Les meir om meisterutdanning.

Kva jobbar salmakarutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Møbeltapetserer
Heltid
Alle sektorer
217 personer
157 personer
Ca 240 kr
Ca
Ca 242 kr
38 930 kr
39 280 kr
467 160 kr
471 360 kr
Ca 240 kr
Ca
Ca 242 kr
38 930 kr
39 280 kr
467 160 kr
471 360 kr
Ca 235 kr
Ca
Ca 238 kr
38 020 kr
38 610 kr
456 240 kr
463 320 kr
Ca 235 kr
Ca
Ca 238 kr
38 460 kr
39 060 kr
461 520 kr
468 720 kr
Møbeltapetserer
Heltid
Privat
211 personer
156 personer
Ca 240 kr
Ca
Ca 242 kr
38 910 kr
39 270 kr
466 920 kr
471 240 kr
Ca 240 kr
Ca
Ca 242 kr
38 910 kr
39 270 kr
466 920 kr
471 240 kr
Ca 236 kr
Ca
Ca 238 kr
38 260 kr
38 590 kr
459 120 kr
463 080 kr
Ca 236 kr
Ca
Ca 238 kr
38 700 kr
39 030 kr
464 400 kr
468 360 kr

Bedrifter og opplæringskontor

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken