Redaktør
Ein redaktør leier det redaksjonelle arbeidet i ein redaksjon, og avgjer kva dei skal publisere. Redaktøren kan også ha det faglege, etiske og rettslege ansvaret for innhaldet i mediet eller publikasjonen.
Arbeidsoppgaver
Redaktøren kan delegere si myndigheit til andre når det gjeld praktisk utføring av jobben, men kan aldri delegere det endelege ansvaret for innhaldet i mediet. Ansvaret gjeld alt av innhald, også annonsane.
I dei fleste seriøse, journalistiske medium utfører redaktøren oppdraget sitt med utgangspunkt i Redaktørplakaten. Plakaten er ein prinsippavtale mellom Norsk Redaktørforening og Mediebedriftenes Landsforening (altså eigarane), og handlar om redaktørens fridom og ansvar.
Kjernepunktet i plakaten er at redaktøren fritt skal kunne bestemme redaksjonens daglege prioriteringar og val av innhald. Dette prinsippet er også lovfesta i loven "Lov om redaksjonell fridom".
Som redaktør er du bindeleddet mellom utgivaren, representert ved styret i mediebedrifta, og dei redaksjonelle medarbeidarane. Ingen andre enn redaktøren kan instruere redaksjonen.
Dei fleste redaktørstyrte medium har eit grunnsyn og ein formålsavgjerd som redaktøren er forplikta til. Innanfor denne ramma leiar redaktøren redaksjonen, og har full fridom når det gjeld å forme meiningane til mediet.
Redaktørar kan ha ulike stillingstitlar og ansvarsområde:
- sjefredaktør og ansvarleg redaktør er det same, og vedkomande er øvste sjef og har det endelege ansvaret for det som blir publisert
- underordna redaktørar er for eksempel nyheitsredaktør, sportsredaktør, kulturredaktør, politisk redaktør, administrativ redaktør eller utviklingsredaktør
- forlagsredaktørar vel kva slags bøker forlaga skal gi ut. Dei les mykje manus og rettleiar forfattarane i arbeidet fram mot ein publikasjon og marknadsføringa av boka
Det er også vanleg at nettstader har ein egen ansvarleg redaktør, eller dei kan ha titlar som webredaktør eller nettredaktør.
Ein redaktør bør ha breie samfunnskunnskapar og også kunnskap om administrasjon og økonomi.
Redaktør er ikkje ein beskytta tittel.
Kor jobbar redaktørar?
Redaktørar jobbar i ulike mediehus, som for eksempel papiraviser, nettaviser, nettstader, TV, radio, magasin, vekepresse og tidsskrift. Også forlag har redaktørar, kalla forlagsredaktørar, men arbeidet deira fell ikkje under Redaktørplakaten eller "Lov om redaksjonell fridom".
Korleis er det å jobbe som redaktør?
Redaktør
Trine Rasmussen
Viktige egenskaper for en redaktør
Som redaktør bør du vere samfunnsinteressert, meiningssterk og god til å leie andre.
Kva tener redaktørar?
Korleis utdannar du deg til redaktør?
I prinsippet kan du bli redaktør same kva bakgrunn du har, men mange redaktørar i Noreg i dag har lang bakgrunn som underordna redaksjonsleiarar og som journalistar.
Bedrifter: Kor jobbar redaktørar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med redaktørar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 1210129 - REDAKTØR (ØVERSTE LEDER -OVER 9 ANSATTE)
- 2551103 - FORLAGSREDAKTØR
- 3492114 - REPORTASJELEDER (RADIO OG FJERNSYN)
- 3491146 - NYHETSLEDER (NETTAVIS)
- 3491143 - BILDEREDAKTØR (FORLAG)
- 3491140 - UTVIKLINGSSJEF (AVIS)
- 3491139 - UTVIKLINGSLEDER (AVIS)
- 3491137 - REPORTASJELEDER (AVIS)
- 3491135 - REDAKSJONSSJEF (AVIS)
- 3491133 - REDAKTØR (REDAKSJONSMEDLEM)
- 3491132 - UTENRIKSREDAKTØR
- 3491131 - SPORTSREDAKTØR
- 3491130 - POLITISK REDAKTØR
- 3491127 - WEB-REDAKTØR (DESIGN OG JOURNALISTIKK)
- 3491126 - WEBREDAKTØR (DESIGN OG JOURNALISTIKK)
- 3491125 - REDAKSJONSSEKRETÆR
- 3491124 - DESKSJEF
- 3491114 - NYHETSREDAKTØR
- 3491113 - KULTURREDAKTØR
- 2551106 - REDAKSJONSSJEF (FORLAG)
- 1319118 - MAGASINREDAKTØR (FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
- 1312114 - REDAKTØR (ØVERSTE LEDER - FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
- 1312113 - MAGASINREDAKTØR (ØVERSTE LEDER - FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
- 1312102 - SJEFREDAKTØR (ØVERSTE LEDER - FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
- 1239113 - DESIGNSJEF
- 1239111 - PROGRAMREDAKTØR (RADIO/FJERNSYN)
- 1229111 - NYHETSSJEF (RADIO OG FJERNSYN)
- 1229104 - PROGRAMSJEF (RADIO OG FJERNSYN)
- 1210182 - MAGASINREDAKTØR (ØVERSTE LEDER - OVER 9 ANSATTE)
- 1210132 - SJEFREDAKTØR (ØVERSTE LEDER - OVER 9 ANSATTE)
- 1210124 - FORLAGSSJEF
- 3491145 - PRODUKTSJEF (FORLAG)
- 1236110 - PROGRAMMERINGSSJEF (RADIO/FJERNSYN)
- 3492109 - PROGRAMKOORDINATOR (RADIO OG FJERNSYN)
- 1210107 - KRINGKASTINGSSJEF