Psykoterapeut hører på klient
Yrkesskildring

Psyko­terapeut

favoritt ikon

Psykoterapeutar brukar samtaleterapi og andre metodar for å auke livskvalitet og betre menneske si mentale helse.

Alternativ behandling, som psykoterapi, er eit omstridt tema. Det er ingen formelle krav til utdanningsbakgrunn. Kven som helst kan kalle seg ein psykoterapeut, fordi det ikkje er ein verna tittel. Det vil seie at sjølv om du har utdanning innan psykoterapi, har du ikkje den same kompetansen, dei formelle kvalifikasjonane og det same ansvaret som autoriserte helsepersonell har. 

Psykoterapeutar meiner at samtaleterapi og andre metodar kan betre menneske si mentale helse eller behandle åtferdsproblem. Målet med behandlinga er å auke livskvaliteten og betre klienten si psykiske helse. Psykoterapeuten kan ha pasientar gjennom individuell-, par-, familie- eller gruppeterapi.

Det finst fleire retningar i psykoterapien; gestaltterapi, psykodrama, kunst- og uttrykksterapi, psykosyntese, integrativ terapi, analytisk psykologi og danseterapi. Mange psykoterapeutar arbeider med psykoanalyse og kallar seg ofte psykoanalytikarar.

Merk at legar og psykologar kan vidareutdanne seg innan psykoterapi og får då titlane psykoterapirettleiar og klinisk psykolog med psykoterapi. Desse yrkestitlane er verna, og er ikkje det same psykoterapeut.

Utdanning

Du kan utdanne deg og vidareutdanne deg innan psykoterapi fleire stader i Noreg.
Oversikt over utdanning i psykoterapi

Lønn

For dette yrket finnes det ikke tilgjengelig lønnsdata. Les mer om hvordan utdanning.no samler inn lønnsstatistikk

Andre yrker

Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein røntgenlege som jobbar med røntgen, ultralyd, CT og MR.

Portør

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller andre behandlingsinstitusjonar.

Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.

Klinisk sosionom ved spillemaskiner.

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom arbeider du for å forbetre klientane si evne til å fungere fysisk, psykisk og sosialt.

Kiropraktor

Kiropraktor

Ein kiropraktor diagnostiserer og behandlar smerter og sjukdomar i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.

Lege undersøker pasient

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.

Helsefagarbeidar som hjelper ein mannleg pasient med barberingen.

Helse­fagarbeidar

Som helse­fagarbeidar gir du omsorg, og ut­fører grunnleggjande sjukepleie til menneske i alle aldrar.

Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuell­terapeut

Manuell­terapeutar er vidareutdanna fysio­terapeutar som er ekspertar på musklar og skjelett.

Fotterapeut behandler kunde

Fot­terapeut

Den viktigaste arbeidsoppgåva til fot­terapeuten er å behandle og førebygge fotproblem relatert til skobruk eller ulike sjukdommar.

Tannpleier hos skoletannlegen kontrollerer tennene til ei jente. I bakgrunnen er en dataskjerm med røntgenbilde av tenner.

Tannpleiar

Tannpleiaren behandlar tennene og tannkjøtet til pasientar, og gir rettleiing i god munnhygiene og gode tannhelsevanar.

Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.

Pasient og psykiatrisk sykepleier.

Spesialsjukepleiar innan psykisk helse

Som spesialsjukepleiar innan psykisk helse hjelper du menneske som har psykiske helseutfordringar.