Politibetjent med politihund
Yrkesskildring

Politibetjent

favoritt ikon

Politibetjentar gjer samfunnet trygt, og kan arbeide med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.

Politibetjenten skal vere til hjelp ved ulykker, nødstilfelle eller andre farlege situasjonar.

Arbeidsoppgåvene du møter som politi er mange og varierte, og kan omfatte valdsbrotsverk, seksualbrotsverk, økonomisk kriminalitet, narkotikarelaterte brotsverk og vinningsbrotsverk, for å nemne nokre.

Vanlege arbeidsoppgåver for politibetjenten:

  • handheve lova ved pågripingar og nøye etterforskingsarbeid og bevisinnsamling
  • fartskontrollar og andre typar kontrollar av biltrafikk (som alkoholtestar)
  • patruljering i bygater og bustadområde
  • rykke ut når det skjer ulykker

Politiet førebygger lovbrot ved å gi informasjon, halde kurs og føredrag, og drive oppsøkande verksemd. Målgruppene i det førebyggande arbeidet er først og fremst barn og ungdom, men det er også fokus på foreldre og føresette. Mykje av dette arbeidet finn stad i barnehagar, SFO, skolar, konfirmantundervising, idrettsklubbar osv.

Du kan også spesialisere deg innanfor ulike felt, som for eksempel økonomisk kriminalitet eller seksualbrotsverk. Politiet har eigne eksperteiningar med nasjonalt ansvar på enkelte fagområde. Økokrim er politieininga for etterforsking av økonomisk kriminalitet, Kripos er eininga som kjempar mot organisert og annan alvorleg kriminalitet, Utrykkingspolitiet jobbar med trafikk, og Utlendingseininga jobbar med asylsøkjarar som kjem til Noreg og med uttransportering av folk som ikkje skal vere her. I dei fleste tilfella må du ha erfaring som politibetjent for å kunne få arbeide som etterforskar

Politiet handterer tryggleiken rundt dei mest profilerte politikarane våre og kongefamilien. Politiet har også sin eigen antiterrorstyrke, som skal handtere terror på norsk jord. Norsk politi har også oppgåver i utlandet. Norske politifolk blir brukte til å utdanne/trene opp politistyrkar i andre land.

Som politibetjent vil du samarbeide tett med andre yrkesgrupper, deriblant politijuristar, advokatar og helsepersonell.

Kvar arbeider politibetjentar?

Dei fleste politifolk i Noreg begynner å jobbe i politietaten og held fram med det i yrkeskarrieren sin. Dei fleste tar til som politi "ute i gatene", altså i operativ teneste. Mange går deretter over i etterforskingsarbeid og til ulike saksområde internt i politiet.

Det finst enkelte arbeidsmoglegheiter for politifolk utanfor politiet. Forsikringsselskap har avdelingar som etterforskar forsikringssvindel; i desse finst det mange tidlegare politifolk. Også NAV og skatteetaten rekrutterer politifolk til einingar som etterforskar trygdemisbruk og skattesvindel. Enkelte bankar og advokatfirma har også politifolk tilsett. Nokre går inn i ulike delar av sikkerheitsbransjen (sikkerheitssjef på oljeplattform, sikring av flyplassar osv.). Nokre få blir privatetterforskarar.

Personlege eigenskapar

Kva personlege eigenskapar som er viktige, vil variere noko ut frå kva type politiarbeid det er snakk om. Dersom ein er i operativ teneste og skal løyse saker "ute i gata", må du både vere roleg og tolmodig fordi du skal prøve å roe ned situasjonar framfor å gjere dei verre. Samtidig må du vere i stand til å ta raske avgjerder og vere handlekraftig dersom situasjonen ikkje kan roast ned. Då er det også nødvendig å vere i stand til å bruke fysisk makt.

Ein politietterforskar må vere tolmodig og analytisk. Dette arbeidet går ut på å legge puslespel med mange bitar, i enkelte saker ekstremt mange bitar.

Som politi må du ha ei positiv haldning, vere ein god lyttar og alltid vere innstilt på å gjere ein god innsats for publikum og samfunnet. Du må også vere open og omsorgsfull, og ha evna til å forstå og hjelpe andre menneske – ofte menneske som er i ein vanskeleg situasjon. Samtidig er handlekraft, integritet og respekt, både for lover og reglar og for andre menneske, heilt nødvendige eigenskapar. Det blir lagt stor vekt på yrkesetikk i utdanninga.

Utdanning

Det første året på politihøgskolen er på skolebenken, før du er eitt år i praksis i eit politi- eller lensmannsdistrikt. Det siste året går du igjen på skolen.

 

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

Etter- og vidareutdanning

Politihøgskolen har eit omfattande etterutdanningstilbod, deriblant moglegheita til å ta mastergrad.

Tilbodet i vidareutdanningskurs ved Politihøgskolen varierer frå år til år. Gjennomgåande er temaa for vidareutdanningstilboda operative disiplinar, etterforsking, leiing og organisasjonsutvikling, og pedagogikk.

Kva jobbar politihøgskoleutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Politibetjent
Heltid
Alle sektorer
10 412 personer
3 441 personer
6 971 personer
Ca 314 kr
Ca 295 kr
Ca 324 kr
50 840 kr
47 820 kr
52 430 kr
610 080 kr
573 840 kr
629 160 kr
Ca 314 kr
Ca 295 kr
Ca 324 kr
52 390 kr
48 740 kr
54 360 kr
628 680 kr
584 880 kr
652 320 kr
Ca 318 kr
Ca 298 kr
Ca 328 kr
51 540 kr
48 350 kr
53 110 kr
618 480 kr
580 200 kr
637 320 kr
Ca 318 kr
Ca 298 kr
Ca 328 kr
54 220 kr
50 070 kr
56 270 kr
650 640 kr
600 840 kr
675 240 kr
Politibetjent
Deltid
Alle sektorer
131 personer
Ca 297 kr
Ca
Ca
48 100 kr
577 200 kr
Ca 297 kr
Ca
Ca
48 100 kr
577 200 kr
Ca 315 kr
Ca
Ca
51 040 kr
612 480 kr
Ca 315 kr
Ca
Ca
51 950 kr
623 400 kr
Politibetjent
Heltid
Statlig
10 410 personer
3 440 personer
6 970 personer
Ca 314 kr
Ca 295 kr
Ca 324 kr
50 840 kr
47 830 kr
52 430 kr
610 080 kr
573 960 kr
629 160 kr
Ca 314 kr
Ca 295 kr
Ca 324 kr
52 390 kr
48 750 kr
54 360 kr
628 680 kr
585 000 kr
652 320 kr
Ca 318 kr
Ca 298 kr
Ca 328 kr
51 540 kr
48 350 kr
53 110 kr
618 480 kr
580 200 kr
637 320 kr
Ca 318 kr
Ca 298 kr
Ca 328 kr
54 220 kr
50 070 kr
56 270 kr
650 640 kr
600 840 kr
675 240 kr
Politibetjent
Deltid
Statlig
131 personer
Ca 297 kr
Ca
Ca
48 100 kr
577 200 kr
Ca 297 kr
Ca
Ca
48 100 kr
577 200 kr
Ca 315 kr
Ca
Ca
51 040 kr
612 480 kr
Ca 315 kr
Ca
Ca
51 950 kr
623 400 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken