Mikrobiolog i laboratoriet
Yrkesskildring

Mikrobiolog

favoritt ikon

Mikrobiologar studerer levande organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.

Mikrobiologar er spesialiserte biologar. Dei studerer levande organismar som er umogelege å sjå utan bruk av mikroskop. Mikrobiologar undersøker bakteriar, sopp, virus, amøbar og andre mikroorganismar. Mikrobiologar jobbar ofte som forskarar.

Mikrobiologar studerer mikroorganismar si form, deira reaksjonar med kjemikal og korleis organismane utviklar og reproduserer seg sjølv. Arbeidet går som oftast føre seg i laboratorium. Mikrobiologar forskar på korleis mikroorganismar reagerer på helsa til menneske, dyr og plantar. Forsking på feltet har ført til gjennombrot innan medisinske og andre naturfaglege felt.

Mikrobiologane bruker avanserte instrument og verktøy for å undersøke mikroorganismane.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein mikrobiolog:

  • isolere og identifisere mikroorganismar i vatn, mat og andre kjelder
  • forske og finne ut av korleis mikroorganismar kan føre til sjukdom hos menneske, dyr og planta
  • forske og finne ut av korleis mikroorganismar kan hjelpe menneske, dyr og plantar
  • lese forskingsartiklar og oppdatere seg på faglitteratur
  • følge sikkerheitsreglar og rutinar for å unngå uhell

Mikrobiologar arbeider tett på mange ulike forskarar i bedrifter, på sjukehus og universitet. Ofte samarbeider mikrobiologar med kjemikarar, biokjemikarar, geologar og spesialiserte legar innan mikrobiologi, som for eksempel infeksjonsmedisin eller patologi.

Dei fleste mikrobiologane spesialiserer seg innan eit felt. Det kan vere ingeniørarbeid innan bioteknologi, eller meir forskingsbasert arbeid som cellebiologi, virologi, bakteriologi eller molekylærbiologi.

Kvar arbeider mikrobiologar?

Mikrobiologar arbeider på sjukehus, høgskolar og universitet, industrielle laboratorium, selskap innan bondenæringa, bioteknologiske og farmasøytiske firma og liknande. Nokon er fast tilsett, mens andre er engasjert på mellombelse kontraktar og leid inn som konsulentar, enten gjennom konsulentfirma eller som frilansarar.

Etter fullført mastergrad med kompetanse innan medisinsk mikrobiologi er du kvalifisert for undervising i helselære.

Personlege eigenskapar

Som mikrobiolog må du vere interessert i mangfaldet i naturen. Du må vere nyfiken, like å undersøke for å finne ut av ting, og du må kunne tileigne deg ny kunnskap basert på fysiske prov. Ei evne til å arbeide nøyaktig og tolmodig er ein føresetnad.

Utdanning

Fleire høgskolar og universitet i Noreg tilbyr ei bachelorgrad i biologi. Nokre universitet tilbyr også bachelorstudium i meir spesialiserte fag som til dømes havbruksbiologi og molekylærbiologi.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

Kva jobbar mikrobiologiutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Lønna varierer etter arbeidsstad, grad av ansvar, ansiennitet og kva kompetanse du har.

Som forskar ved ein statlig institusjon vil årslønna ligge på 468.400 – 620.500 kroner, og ved oppnådd professorkompetanse 544.000 – 808.000 kroner. (Kjelde: Hovuddtariffavtala i staten 2012 -2014.)