Gjennomgått i samarbeid med Opplæringssenteret for visuell kommunikasjon, Fellesforbundet 26. september 2019

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.

Arbeidsoppgaver

Ein mediegrafikar jobbar med grafisk design og produksjon, og skal sørge for at bodskapen er lett å forstå for mottakarane.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein mediegrafikar:

  • design og produksjon av annonsar, plakatar og brosjyrar
  • design og produksjon av annan visuell kommunikasjon og emballasje
  • design og produksjon av bøker, magasiner og tidsskrifter
  • design og produksjon til nettsider og andre digitale flater
  • forme det visuell uttrykket og innhaldet

Som mediegrafikar må du ha god kunnskap om ulike analoge og digitale medium. Du må ha god forståing for korleis den visuelle formgivinga verkar på mottakaren. Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva bedrift du er tilsett i.

I dette yrket må du vere innstilt på å halde deg fagleg oppdatert og å lære å bruke nye IKT-verktøy.

Mediegrafikaren jobbar ofte tett saman med andre fagfolk, mellom anna illustratørarfotografar og fagoperatørar i grafisk produksjonsteknikk. Yrket har fellestrekk med grafisk designarinteraksjonsdesignar, mediedesignar og webdesignar

Kor jobbar mediegrafikarar?

Mediegrafikarar jobbar i mange ulike grafiske bedrifter. Du finn mediegrafikarar i reklame- og designbyrå, aviser, trykkeri, multimedieselskap, TV- og produksjonsselskap, internettbedrifter og i medie- og informasjonsavdelingar i andre bedrifter.

Bli med ein mediegrafikar på jobb

Korleis er det å jobbe som mediegrafikar?

Portrettbilde av Mari Hulbækdal. Hun har kort brunt hår, lilla genser og flamingo-øredobber.

Mediegrafiker

Mari Hulbækdal

For å komme seg inn i bransjen må du være bestemt. Ikke ta nei for et nei og vis frem arbeidet ditt på sosiale medier, sier Mari Hulbækdal.

Viktige egenskaper for en mediegrafikar

Som mediegrafikar bør du vere kreativ, nøyaktig og glad i utfordringar. Du bør ha sans for form, typografi og fargar. Du bør òg ha evne til å jobbe under tidspress.

Kva tener mediegrafikarar?

Korleis utdannar du deg til mediegrafikar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Det er mogleg å ta vidare utdanning på fagskole etter fagbrev.

Kva for ei utdanning er vanlegast for mediegrafikarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar mediegrafikarutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 416408 - Mediegrafikerfaget, Vg3 (gammel ordning)

Bedrifter: Kor jobbar mediegrafikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med mediegrafikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7341122 - PRODUKSJONSMEDARBEIDER (GRAFIKER, FØRTRYKK)
  • 7341119 - TEAMLEDER (FØRTRYKK)
  • 7341115 - FAGARBEIDER (GRAFIKER)
  • 7341111 - TYPOGRAF
  • 7341107 - GRAFIKER (FØRTRYKK)
  • 7341106 - GRAFISK FORMGIVER (FØRTRYKK)
  • 7341104 - RETUSJØR (GRAFIKER)
  • 3471109 - DESIGNER (GRAFISK)

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Fotojournalist tar bilde av en kvinne på en bro

Fotojournalist

Som fotojournalist formidlar du situasjonar, hendingar og nyheiter gjennom bilde og video.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Gullsmed i arbeid

Gullsmed

Som gullsmed skapar du smykke og andre gjenstandar av edle metall.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Industridesigner

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.