Landmåler med måleinstrument.
Yrkesskildring

Landmålar

favoritt ikon

Ein landmålar måler opp og markerer grenser i terrenget.

Oppgåva til ein landmålar kan vere å måle terreng, berekne, sette ut merke for grenser eller andre markeringar under byggefasen av bygg og anlegg. Det kan vere i samband med deling av eigedom eller bygging av hus, bruer, tunnelar eller vegar. Etter at landmålaren har samla alle nødvendige data, held han fram jobben på eit kontor kor han utarbeider planar, kart og dokument.

Landmålarar vel målemetodar etter krava på staden. Oppgåvene til landmålaren kan variere frå enkle måleoppgåver til svært krevjande måleoppgåver. På sett og vis er ein landmålar ei blanding av ein landskapsarkitekt, ingeniør og ein jurist.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein landmålar:

  • plassering og kontroll av plassering
  • mål av anlegg
  • avklaring av rettsspørsmål
  • oppdatering av kart 

Landmålarar bruker avanserte måleinstrument og dataprogram. Ein landmålar leverer data i digital form. Han må ha innsikt i moderne kartteknikk og geografiske informasjonssystem.

Tittelen landmålar er ikkje verna. Det er viktig at både myndigheitene og allmenta kan skilje mellom landmålarar med og utan autorisasjon.

Kvar arbeider landmålarar?

Landmålaren jobbar mellom anna i kommunar, Statens vegvesen, Statens kartverk, Jordskifteretten, kart- og oppmålingsfirma, konsulentfirma, salsfirma, private bedrifter, elverk eller hos entreprenørar.

Personlege eigenskapar

Som landmålar har du interesse for teknologi og IKT-verktøy. Du bør vere flink til å sette deg inn i prosjekt med tekniske, naturgeografiske og juridiske problemstillingar. Du må kunne jobbe strukturert og vere nøyaktig under oppmåling og utrekning. Nokre jobbar går føre seg på fjellet, så du bør også like å vere ute.

Utdanning

Du kan utdanne deg til landmålar ved fleire universitet og høgskolar i Noreg. Relevante fagområde kan vere geomatikk og kartfag.

Oversikt over utdanningsstader

Det finst også opplæringstilbod innan kart og oppmåling ved nokre få fagskolar.

Oversikt over utdanningstilbod ved fagskolar

Etter- og vidareutdanning
Universiteta og høgskolane i landet tilbyr fleire mogelegheiter for vidareutdanning innan geomatikk, kartfag, ingeniørstudium, teknologstudium og liknande.

Kva jobbar landmålerutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

For dette yrket finnes det ikke tilgjengelig lønnsdata. Les mer om hvordan utdanning.no samler inn lønnsstatistikk

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken