Gjennomgått i samarbeid med Kreativt Forum 30. november 2022

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.

Arbeidsoppgaver

Ein art director er ein idé- og konseptutviklar med det visuelle som spesialiteten sin. Det er ikkje nødvendig å vere flink til å teikna for å bli ein dyktig art director, men gode art directorer har ein velutvikla visuell og estetisk forståing som gjer dei i stand til å kommunisera ved hjelp av visuelle verkemiddel.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein art director:

  • jobbe med kreative prosessar i tverrfaglege team i reklamebyrå
  • samarbeide med tekstforfattarar, andre art directorer, prosjektleiar og rådgivar
  • lansere nye produkt
  • byggje merkevarer eller endre haldningar
  • jobbe med heile prosessen frå ide til ferdig kommunikasjonsløysing

Du kan og jobbe som art director med utvikling av idear og konsept for film- og TV-produksjon.

Kor jobbar art directorer?

Ein art director arbeider som regel i reklame- og kommunikasjonsbyrå, i forlag og i film- og TV-produksjon.

Intervjuer

Ei dame i svart genser. Hun har langt og lyst hår. Hun er i et kontorlandskap.

Art director (AD)

Anna Jakobson Vaagland

– Å jobbe som art director er perfekt for folk som liker varierte arbeidsdager og brenner for kreativitet, mener Anna.
Portrettbilde av Art Director Gro Vik som har mørkt halvlangt hår

Art Director

Gro Vik

– I dette yrket er det viktigere å vise til oppdrag du har utført, enn gode karakterer fra skolen, mener Gro.

Viktige eigenskapar

Som art director må du vere kreativ og ha evne til å setje idear og tankar ut i livet. I tillegg bør du ha evne til å leie og inspirere. 

Utdanning

Art directorar kan ha ulik utdanningsbakgrunn. Mange er utdanna innan art direction, grafisk design eller visuell kommunikasjon.

Dei som jobbar som art directorer har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Bedrifter som ansetter art directorer

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med art directorer

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 1234101 - ART DIRECTOR (REKLAME)

Andre yrke

Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Fotojournalist tar bilde av en kvinne på en bro

Fotojournalist

Som fotojournalist formidlar du situasjonar, hendingar og nyheiter gjennom bilde og video.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgjevar har ansvaret for å kommunisere bodskapen til bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar medium.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier det redaksjonelle arbeidet i ein redaksjon, og avgjer kva dei skal publisere. Redaktøren kan også ha det faglege, etiske og rettslege ansvaret for innhaldet i mediet eller publikasjonen.
Teknisk forfattar

Teknisk forfattar

Tekniske forfattarar utarbeider bruksrettleiingar, handbøker, installasjonsrettleiing, katalogar og tekniske rapportar.