En animatør sitter foran ein skjerm og tegner.
Yrkesskildring

Animatør

favoritt ikon

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.

Ein animatør jobbar med animasjonsfilm. Det finst fleire typar animasjonsfilm og nokre er meir vanlege enn andre.

Teiknefilm, som går ut på å tekne animasjon, er blant dei mest vanlege. Dokkefilm, eller non stop-motion, er ein annan type, som er laga med plastilinafigurar, papirfigurar og avanserte dokker. Ved denne animasjonsfilmteknikken flyttast og fotograferast gjenstanden bilde for bilde for å skape en illusjon av rørsle når bildane visast som ein samanhengende film.

Som animatør kan du også jobbe med dataanimasjon (CGI - computer generated imagery). Det er vanleg å kombinere desse for å oppnå ulike visuelle illusjonar og effektar.

Teknologien er heile tida i utvikling, og som animatør må du stadig lære nye måtar å jobbe på. Det er viktig for animatørar å halde seg oppdatert innanfor eige fagfelt.

Å lage animasjonar er ein tidkrevjande prosess, og du samarbeider ofte med for eksempel manusforfattarar, storyboard-teiknarar, karaterdesingarar, modellskaparar og regissørar

Kvar arbeider animatører?

Dei fleste animatørar jobbar i private bedrifter og leverer animasjonar til fjernsyn, film, reklame eller dataspel. 

Personlege eigenskapar

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Kreativitet og interesse for film og skodespel er viktige eigenskapar for ein animatør. Du bør vere tolmodig og i stand til å samarbeide godt med andre.

 

Utdanning

Du kan studere animasjon fleire stader, både i Noreg og i utlandet. Det finst tilbod både om fagskoleutdanning og høgskoleutdanning i animasjon.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

Kva jobbar animasjonsutdannede som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Akershus
Velg kommuner i Aust-Agder
Velg kommuner i Buskerud
Velg kommuner i Finnmark
Velg kommuner i Hedmark
Velg kommuner i Hordaland
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oppland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Sogn og Fjordane
Velg kommuner i Telemark
Velg kommuner i Troms
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vest-Agder
Velg kommuner i Vestfold
Velg kommuner i Østfold