Gjennomgått i samarbeid med Utenriksdepartementet Rekrutteringsenheten 15. desember 2022

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.

Arbeidsoppgaver

Noreg har rundt 100 utanriksstasjonar (ambassadar, delegasjonar og generalkonsulat) rundt om i verda. Ambassadøren er tilsett i Utanriksdepartementet (UD) og tenestegjer for ein avgrensa periode ved ein av Noreg sine utanriksstasjonar.

Ambassaden si oppgåve er å:

  • støtte nordmenn i utlandet ved til dømes ulukker, sjukdom, dødsfall eller straffeforfølging
  • fremje Noreg sitt omdøme og norsk kultur
  • fremje norske næringslivsinteresser
  • fremje Noreg sine politiske og økonomiske interesser i utlandet

Ein ambassadør må ha solide språkkunnskapar, spesielt i engelsk og helst òg i det språket som blir brukt på tenestestaden. Som ambassadør må du vere flink til å forstå andre kulturar og tankesett. Du må ha svært god kunnskap om norsk og internasjonal politikk, og du bør kunne mykje om Noreg og om det landet du er stasjonert i.

Du må òg ha leiarerfaring og kunnskap om den daglege drifta av ein utanriksstasjon, som budsjettstyring, personalleiing, tryggleik og arbeidsmiljø.

Dei fleste ambassadørane har lang erfaring frå ulike stillingar i utanrikstenesta, og mange kjem inn i tenesta etter å ha teke aspirantkurset. Men nokre har annan bakgrunn, til dømes blir nokre utnemnde til ambassadør etter å ha hatt tunge, politiske verv, som til dømes statsråd.

Kor jobbar ambassadørar?

Ambassadøren er tilsett i UD og arbeider ved ein av Noregs ambassadar rundt om i verda.

Intervjuer

Portettfoto av Ambassadør Aud Kolberg

Ambassadør

Aud Kolberg

Aud Kolberg sier at de aller, aller fleste som begynner i utenrikstjenesten blir der karrieren ut.

Viktige eigenskapar

For å bli ambassadør må du vere flink til å omgåst menneske, kunne kommunisere godt og vere svært tilpassingsdyktig. Du må vere spesielt interessert i norsk og internasjonal politikk. Dessutan bør du vere nysgjerrig på, og ha respekt for andre kulturar. 

Lønn

Utdanning

Utenriksdepartementets aspirantopptak er ein vanleg måte å bli rekruttert til utanrikstenesta på, men du kan også bli tilsett i Utenriksdepartementet ved utlysing av ledige enkeltstillingar. Det er ikkje eit krav om å gjennomføre aspirantopplæring for å bli diplomat. Aspirantopplæringa givast normalt til de som er tatt opp som aspirantar, men enkelte deler av opplæringa vert tilbode også andre tilsette i utanrikstenesta . Før utreise til utanriksstasjonar er det vanleg å bli pålagt å gjennomføre fleire forskjellige førebuande kurs. 

UDs aspirantkurs er eit treårig trainee-program med sikte på fast jobb i utanrikstenesta. Kurset er ein kombinasjon av opplæring og praksis – i Noreg og utanlands. Årleg takast det opp om lag 15 aspirantar. 

Meir informasjon om aspirantordninga finn du på Utanriksdepartementets sider.

Opptakskrav

  • høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå, med svært gode resultat (det er vanleg å ha gjerne juss, statsvitskap, økonomi, historie)
  • svært gode kunnskapar i engelsk og helst andre språk i tillegg 
  • sterke mellommenneskelege og interkulturelle ferdigheiter
  • noko internasjonal arbeidserfaring er ein fordel
  • tilpassingsevne
  • vere norsk statsborgar
  • god vandel 

Dei vanlegaste jobbane blant personar med UD-aspirantkurs

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 731901 - Aspirantkurs for utenrikstjenesten

Bedrifter som ansetter ambassadørar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med ambassadørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 1120138 - AMBASSADØR

Andre yrke

Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
En naturguide peker på noe til turfølget

Guide

Som guide leiar du omvisingar for reisande.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.