Fjordane har ei heilt unik samansetning av linjer. Friluftsliv er ei reise gjennom årstidene, Movement X er den einaste i landet, Vikingliv har eige langhus og Musikal er lokale og internasjonale. Vi er størst på hest med to allsidige hestelinjer, Kunst/foto/glas/reise freistar mange og Bu og fritid er tilpassa deg.

Fjordane er ein skule der du får gjere mykje av det du likar best. Hos oss får du linjefag fem dagar i veka, i tillegg til mange spennande valfag og fordjupningsfag på ettermiddag og kveld. På Fjordane er du ein viktig bidragsytar til fellesskapet på linja, men du er betyr også noko for heile Fjordane-familien, uansett linjeval, interesser og føresetnader. Skulen vår tar berekraft på alvor, og som Miljøfyrtårn jobbar vi kontinuerleg med å redusere klima- og miljøutsleppa våre. Fellesturane går til reisemål i nærområdet og vi gler oss til å vise deg det beste vestlandet har å by på av spektakulære naturopplevingar

Fjordane ligg i sentrum av Nordfjordeid, midt i den vakre regionen Nordfjord og det er gangavstand til alt du treng. Butikkar, symjehall, kino, kulturhus, treningssenter og kafear er ein liten spasertur unna paviljongen du bur på. Det er også kort veg til Norsk Fjordhestsenter der mykje av undervisninga på hestelinjene skjer.

Fjordane folkehøgskule sine kjenneteikn er: 

  • Høg kvalitet på alle linjene
  • Dyktige og engasjerte lærarar
  • Flott skuleanlegg med eit spesielt preg, i hjartet av Nordfjord
  • Elevane bur i små hus, paviljongar, med plass til ti personar
  • Aula med plass til 350 personar der det er scene, kinolerret og lydanlegg
  • Eige kinorom/spelerom, treningsrom, utandørs badestamp, bordtennnis- og biljardbord, syrom og utandørs volleyballbaner
  • Koseleg og sosial peisestove
  • Romslege og godt utstyrte klasserom
  • Vikingtun med langhus
  • Internett på heile skuleområdet

Fjordane folkehøgskule

Telefon: 57 88 98 80
www.fjordane.fhs.no

Utdanningstilbud

Dette lærestedet tilbyr 8 folkehøgskoleutdanninger
Tittel Sorter synkende Interesser
2. års hestesport Friluftsliv, idrett og sport
Allsidig hestesport Dyrehold, Friluftsliv, idrett og sport, Friluftsliv
Bu og fritid Botrening, Tilrettelagte tilbud og botrening, Tilrettelagt undervisning
Friluftsliv - fjord, fjell, hav Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Klatring
Kunst/foto/glas/reise Redesign, gjenbruk, Kunst og håndverk, Reiseliv
Movement X - Modern Circus & Performing Arts Trening og kosthold, Musikk, scene og teater, Idrett, Teater, drama, revy, musikal
Musikal West End Musikk, scene og teater, Foto
Vikingliv Kampsport/kampkunst, Kunst og håndverk, Håndverksteknikker, Friluftsliv