Nøkkelinformasjon
Om studiet
Er du glad i å stå på scena? Jobbe kreativt og vere i fysisk aktivitet samtidig? Kanskje du ser ei framtid med vidareutdanning innan utøvande scenekunst, sirkus eller dans? Dette er linja for deg!
Movement X - den einaste nysirkuslinja i Norge! - no også som halvårskurs!
Movement X er linja for deg som er interessert i alt av scenekunst som akrobatikk, dans og drama, og du får fordjupa deg i ulike sirkusdisiplinar som handståande, sjonglering og trampoline, i tillegg til luftakrobatikk som trapes, ring/lyra, tau, tissue og Chinese pole.
Movement X er for deg som elskar å uttrykke deg fysisk. Dersom du har bakgrunn frå fysisk bevegelse som dans, musikal, turn, parkour eller stuping; sirkus kan bli din nye lidenskap! Sirkus krev motivasjon, samarbeid, innleving og lyst til å stå på scena.
Springbrett til vidare studier i utlandet
Kvart år er det nokre elevar som går vidare med utdanninga si på sirkushøgskular i utlandet. Andre hoppar rett ut i arbeid med sirkus i ei eller anna form, og for mange blir sirkus ein spenstig hobby som dei tek med seg vidare i livet.
Annleis og inspirerande
Tør du å ta sjansen på å utfordre deg sjølv i å prøve ut og lære nye ferdigheiter, likar du å bruke kroppen din og samtidig presse deg sjølv litt ut i det ukjente? Velkomen som søkar til Movement X - Modern Circus!