Nøkkelinformasjon
Om studiet
Velkomen til eit halvår som gjer draumar til verkelegheit! Enten din draum er å bli trygg på ei scene eller du drøymer om å bli utøvar i West End, så har vi kompetansen til å hjelpe deg å nå målet.
For deg som elskar å stå på scena – eller har lyst til å
prøve for aller første gong!
Musikal West End gir deg ei innføring i scenekunstens
verktøykasse, med fordjuping i song, dans og drama.
Du får undervisning i songteknikk, dansestilar som ballett, jazz og Musical Theatre, fysisk teater og ensemble, skodespelarteknikk (Stanislavski, Meisner m.fl.), tekstarbeid, stemmebruk og ensemblesong. Vi kombinerer skodespel og song i “Acting Through Song” – og skaper ei heilskapleg oppleving for publikum.
Gjennom året lærer du mykje om deg sjølv og andre. Du får nye vener, blir tryggare på scena og deltek i kreative samarbeid – både i klassa og på tvers av linjer.
Musikal West End passar både for deg som vurderer vidare utdanning innan scenekunst, og for deg som berre har lyst til å oppleve eit år med kreativ utfalding.
Vi har også eit unikt samarbeid med Institute For Contemporary Theatre i Brighton – og tilgang til West End og scenekunstmiljøet i England.
Les meir: fjordane.fhs.no