Nøkkelinformasjon

Om studiet

Maleri, teikning, linotrykk, leire og dreiing, glasfusing, sying og eksperimentering! Opplevingar, inntrykk og uttrykk. Inspirasjonsturar på Vestlandet

Har du ei kunstspire i deg som du vil utvikle utan karakterpress og eksamenstress? Då kan eit halvt år på kunstlinja på Fjordane Folkehøgskule vere akkurat det du treng.  

Her får du prøve ulike teknikkar, material og kunstformer. I trygge rammer får du eksperimentere og lære, samtidig som du får utvikle din eigen stil – med støtte frå ein faglærar som sjølv er kunstnar. 

Du blir ein del av eit levande og kreativt miljø. Med 11 spennande linjer og nesten 30 valfag får du moglegheita til å prøve noko nytt og bli godt kjent med elevar frå heile skulen – alt frå musikal, sirkus, til kreativ saum og strikk.   

Gjennom året jobbar vi med ulike tema, både åleine og i fellesskap. Du vil få god rettleiing, men også friheit til å finne din eigen veg. Kunstlinja gir deg eit godt grunnlag for vidare utdanning, og vi skal hjelpe deg å bygge ein portefolio du kan vere stolt av. 

Du får prøve deg på:

🎨 Teikning og måling  
🖌 Akryl, akvarell og mixed media 
✍️ Illustrasjon og portifolioarbeid 
🧵 Tekstil, redesign og plantebasert garnfarging 
🌀 Keramikk med dreiing og glasering 
🔮 Glassfusing til skåler, smykker, motiv eller dekor 
🌆 Gatekunst og kunst i offentlege rom  
🌄 «Plein air»-måling 
🖼 Utstillingstrening og visuell presentasjon

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.