Nøkkelinformasjon
Om studiet
For deg som har gått 1. året på Fjordane eller har tilsvarande bakgrunn. Har du fagbrev eller annan dokumentert kompetanse kan du også søke 2.året. Fokus på dressur, sprang og køyring.
Sats på lidenskapen for hest!
På 2.års hestelinja går vi i dybden. Fokus på dressur, sprang og
køyring. Vårt mål er å heile tida kunne gje deg og hesten din
undervisning som er tilpassa begge sitt nivå; om det er
konkurranse, utdanning eller enda eit år du vil ha det moro med
hest.
Vi har fokus på å gje elevane
undervisning og lærdom som er nyttig på veien vidare mot
utdanning og arbeid med hest. Vi har for eksempel hatt fleire
elevar som har gått vidare til Norsk Hestesenter på Starum og
ridelærarutdanning der, etter avslutta skulegang hos oss.
- I dressur jobbar du med øvelsar fra LB til MB dressur
- I sprangtimane hoppar du forskjellege baner og får oppgåver som krev samspel mellom hest og rytter
- I kjøringa blir undervisninga meir spissa mot konkurranse dersom du ønsker det
- I Prosjektfag får du undervisning i innridning og innkjøring av unghest og f.eks natural horsemanship, agility og mønstring av hest
- Elevane får undervisning i beslag som inneber at dei får prøve å sko sin eigen hest
- Fjordane har eit godt samarbeid med den lokale rideklubben her på Eid, noko som gjev elevane mulighet til å vere med på å arrangere og gjennomføre stevner
- Reise på stevne – vi legg opp å til å reise og starte på stevner rundt om i distriktet
- Teorifag – ridelærarteori, dressurdømming, stalldrift mm.
- Kom i betre form med ryttertrening.
Fagtur: Ridning på lusitano`s i Portugal eller hingstekåring for varmblodsridehestar i Danmark
Les meir om linja på: fjordane.fhs.no