Tenk deg eit år der du kan vere akkurat den du er. Eit år der du vil møte eit mangfald av menneske du elles aldri ville møtt. Eit år med nye vener og augneblink som du aldri vil gløyme. Eit år der du vil kjenne glede og meistring.
Mellom det røffe havet ved Stad og den mektige Jostedalsbreen, ligg folkehøgskulen vår – i det vi kallar for vår Hjartestad. Nordfjordeid er passe stor. Passe liten. Stor nok til å tilby det du treng. Liten nok til å gje deg kjensla av å ha den heilt for deg sjølv.
Med 11 spennande linjer vil du få moglegheita til å oppdage nye sider av deg sjølv og teste ting du aldri har prøvd før – eller gjere meir av det du likar aller best. Lærarane våre engasjera seg i faget og vil at du skal kjenne på den same gleda.
Kanskje har du ein draum om å stå på ei scene – enten det er som sirkusartist, songar eller skodespelar? Kanskje vil du leve deg inn i vikinglivhistoria? Kanskje vil du ha din eigen hest og jobbe med hest når du blir vaksen? Kanskje likar du å skape kunst med dine eigne hender eller du vil lære deg korleis du kan gje nytt liv til den gamle kjolen frå oldemor?
Kanskje du rett og slett berre vil oppleve rå vestlandsnatur tett på kroppen og lære deg å stå på dine eigne bein? Her på Fjordane Folkehøgskule har du moglegheit til alt dette, samtidig som du utgjer ein forskjell. 💚
I løpet av året har vi fleire prosjekt der vi gir av oss sjølv til andre, for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Eit av høgdepunkta er studieturen til Filippinene som du får ta del i gjennom bistandsprosjektet «Prosjekt Filippinene».
Bli med og skap ditt beste år saman med oss, og kjenn på utvikling, glede og venskap.
Har du lyst å bli betre kjent med oss? Då bør du følgje oss på Instagram.

Utdanningstilbud
Tittel Sorter synkende | Interesser |
---|---|
Vikingliv, haust 2025 | Hest, Håndverksteknikker, Friluftsliv |