Nøkkelinformasjon
Om studiet
Likar du å vere i fysisk aktivitet og kjenne adrenalinet du får av å stå på ei scene? Kanskje ser du for deg ei framtid innan sirkus, utøvande scenekunst eller dans? Då er dette linja for deg!
Her får du bruke kroppen kvar dag, utfordre deg sjølv og lære nye ferdigheiter. På linja Movement X Modern Circus får du fordjupe deg i ulike sirkusdisiplinar, med fokus på mobilitet, styrke, balanse og koordinasjon.
Undervisninga er praktisk og variert. Du jobbar mykje med teknikk og lærarane følgje deg tett for å sikre progresjon. Vi startar med grunnleggandeøvingar og går gradvis vidare til meir avanserte triks, alt innanfor trygge og sikre rammer.
På treningsplanen:
🤸 Luftakrobatikk i trapes, ring/lyra, tau, tissue og Chinese pole
🦸 Golvakrobatikk og trampoline
⚖️ Balanse på line, rola bola og einhjulssykkel
🤹♂️ Sjonglering og diabolo
💪 Regelmessig styrke-, kondisjon- og mobilitetstrening
💆♂️ Kosthald og restitusjon
Dette får du vere med på:
🎥 Framsyningar og oppvisningar gjennom året
✈️ Studietur til Europa for å besøke sirkusskular og oppleve sirkuskulturen
🏄♂️ Turar til skjulte perler i nærområdet
Gjennom fleire valgfag kan du sette saman din eige timeplan og fordjupe deg i det du vil bli betre på, enten det er HIIT-trening, yoga eller noko heilt anna som svømming, hest eller barista.
Sjølv om vi likar å trene mykje, er vi opptatt av at du skal få kjenne på det gode folkehøgskulelivet, med kjekke aktivitetar, opplevingar som du aldri vil gløyme, og sjansen til å bli kjent med nye menneske.