Nøkkelinformasjon

Om studiet

Opplev vikinghistoria tett på kroppen i vikingstaden Nordfjordeid! Ta del i den norske kulturarven og lær deg korleis vikingane levde. Du får også vere med å ro Myklebustskipet ved sjøsetting.

Vikinglivlinja byr påfriluftsliv,sjølvbergingog gamlehandverkstradisjonar. Her får du lære åhausteogskapeav detfjord, fjell og havhar å by på. Bli med påkortreiste turarder vi pakkar fiskestonga,slår leirog lagarmat på bål.

Nårvåren kjemfår du vere med på nokoheilt spesielt – nemleg åro Myklebustskipet når det skal bli sjøsett. Dette er Noregs største rekonstruerte vikingskip og ei stor hending. Vi samarbeidar tett medSagastad, som er vestlandet sitt nye vikingsenter.  

På Fjordane Folkehøgskule vil vise degkorleis vikingane levde, tenkte og reiste.Noko av det du får vere med på er: 

🎒Reise på «vikingtokt» til Island og kortreiste turar på Vestlandet.

🚣‍️ Ro Myklebustskipet ved sjøsetting i april.

⛺Lage Vikingmarknad og slå teltleirar saman med lokale vikingar.

⚔  Innføring i blankvåpenkamp og islandsk glima.

🛡  Leikar, kamp, historiske spel og musikk.

🥔Opparbeide vikingtunet vårt. 

Du får også prøve deg ihandverkarrollaslik at du kan gjere alt frå åsmi ditt eige bestikk, veve brikkeband,til åsy dine eigne vikingsko. Du får også bruke metall, tre, glas, skinn og leire for åskape autentiske gjenstandarfrå vikingtida.  
 
For vikingane varhest eit viktig framkomstmiddelogarbeidskraft. Folkehøgskulen vår har heile trehestelinjerog eit tett samarbeid medNorsk Fjordhestsenter. Det betyr at du også får moglegheita til åutforske hesteinteressadi gjennom fleirevalfagi hest – eller heilt andre fag om du heller vil det. 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.