Nøkkelinformasjon

Om studiet

Drøymer du om å sy og strikke dine eigne kle, vere i eit kreativt miljø og finne din eigen stil? Du lærer ulike teknikkar og lagar di eiga garderobe. Vi er klimamotivert, redesignar og gjenbrukar.

Frå scratch

kreativ saum lærer du å sy dine eigne kle heilt frå scratch, uavhengig av forkunnskap. Linja passar for deg som er interessert i saum og kreativitet. Eit år på Fjordane gir deg kunnskapar og ferdighetar du kan bruke resten av livet, nyttige lifeskills. 

Linja har eige syrom som er ope dag og kveld. Kvar elev har si eiga symaskin. Vi avsluttar året med eit moteshow der du får vise fram din nye garderobe.

  • Du får konstruere mønster tilpassa din eigen kropp
  • Sy av metervare etter ferdige mønster
  • Lære ulike sy-teknikkar
  • Sy di eiga festdrakt
  • Redesign og modellering

Ut å hente inspirasjon

Vi er opptatt av å tileigne oss ny kunnskap og inspirasjon. Difor fartar vi rundt, både lokalt i Nordfjord, men også på litt lengre turar. På desse reisene skal vi for eksempel på jakt i secondhand-butikkar! Vi leitar etter gamle skattar som kanskje kan få eit nytt liv i dine hender. 

Når ein skal lage sin eigen garderobe, er kreativ strikking ein naturleg del av prosessen. Strikking kan både gjerast avansert, leikent, lett, meditativt, avslappande, kreativt og regelbunde. Det er opp til strikkaren! 

  • Utforske eigne mønster
  • Utforske oppskrifter med alternativt garn
  • Jobbe med restegarn
  • Handfarge garn

Samarbeid med andre linjer:

Kunst: Keramikk

Vikingliv: Handsaum av historisk drakt, brikkeband og toving.

Andre kreative fag på Fjordane: musikal, kunst og sirkus. For valfag eller inspirasjon!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.