Nøkkelinformasjon
Om studiet
Bli med til Alpane og Filippinene, samtidig som du får oppleve det beste og råaste naturen på Vestlandet har å by på!
Har du lyst å surfe i Hoddevika, klatre opp Hornelen og gå på ski over Jostedalsbreen? Alle desse plassane er rett rundt neste sving frå Fjordane Folkehøgskule. På friluftsliv får du oppleve rå natur tett på kroppen, kjenne spenning, meistring og samhald!
For oss handlar friluftsliv ikkje berre om å vere ute. Det handlar om opplevingar, å kjenne seg levande og å bruke kroppen.
Med oss får du vere med på små og store eventyr gjennom heile året. Nokre dagar klatrar vi på Beachen i Loen eller tar den ultimate klatreruta rett opp Hornelen (som førøvrig er Europas høgaste sjøklippe). Andre dagar padlar vi på Nord-Europas djupaste innsjø eller vi går toppturar, både til fots, med ski eller truger.
Her blir du kjent med Vestlandet på sitt aller vakraste, samtidig som vi reiser på linjetur til Alpane i Østerrike. Du får moglegheita til å prøve mykje forskjellig og alt er inkludert. Du får:
🧗♂️ Klatre opp spektakulære fjell som Hornelen
og Beachen, eller innandørs på vinteren
🏄♀️ Surfe på bølgene i Hoddevik og Ervik
⛺ Sove ute i telt og snøhole
🧊 Brekurs og isklatring på Supphellebreen
🛶 Padle i Nordfjorden, Hornindalsvatnet og
Eidselva
🎿 Toppturar i Nordfjord, Sunnmørsalpane og Skjåk
med ski, brett, truger eller fjellsko
🧭 Lære deg kart, kompass og skredkunnskap
🚨 Førstehjelp og redning ute i
terrenget
⛵️ Lære deg grunnlegande segleferdigheiter og
bli med på seglas
🌱 Sanke og lage mat på bål