Nøkkelinformasjon
Om studiet
Har du ambisjonar om å satse på hest og konkurrere i sprang, dressur, køyring eller feltritt? Då er dette linja for deg.
Her kan du satse på hesten din og utvikle deg vidare som ryttar eller kusk. Samspelet mellom deg og hesten står i fokus, slik at du kan forstå din påverknad og tolke signala den gir.
Undervisninga blir tilpassa ditt
nivå og ambisjonar. Med
valfag som sprangriding,
tømmekøyring, køyring og
prosjekthest, får du moglegheita til å trene
meir med hesten din.
Du treng ikkje ha erfaring frå konkurransar for å gå denne linja,
men du må beherske hesten godt i både
skritt, trav og galopp. Linja
er òg eit springbrett til vidare utdanning innan
hestefag, som for eksempel ridelærar og
veterinær.
Er du klar for å skape ditt beste år saman med oss? Bli med og kjenn på utvikling, glede og få nye vennskap gjennom mange kjekke fellesopplevingar!
Kva kan du vente deg?
💪 Regelmessig trening og tett oppfølging
🏆 Moglegheita til å delta på stemner i nærområdet
🥰 Å dele lidenskapen din for
hest med likesinna
💚 At hesten skal ha det bra, med stort
fokus på hestevelferd
🎓 I snitt 18 timar linjefag i veka og fleire
hestevalfag. Ei veke består ofte av tre
rideøkter for instruktør, ryttartrening, køyring,
hestehandtering, stallarbeid og teoritimar.
Fasilitetar:
I nærheita har vi tilgang til eit storthestesportanlegg, der all
praktisk linjeundervisning føregår. Her har du alt du
treng for å trene og ha det kjekt med
hesten din. I tillegg er her:
- Oppstallingsplass til 44 hestar
- 2 ridehallar
- Stor køyre/sprangbane ute
- Terrenghinder for feltritt og maraton
- Gode moglegheiter for å ri tur på fritida