Nøkkelinformasjon

Om studiet

Ei variert og innhaldsrik linje for deg som vil lære mykje om hest. Du får kunnskap til å praktisere mange sider av hestefaget. Undervisning etter nivå i dressur, sprang, køyring. Kan ta med hest.

Gle deg til ein variert og innhaldsrik kvardag i hestebygda Nordfjordeid, saman med mange andre som elskar hest!  

Likar du å oppleve spenning, bli utfordra på eige ferdigheitar og klare nye ting? Lærarane på linja er rutinerte og godt utdanna hestefagfolk og gir deg undervisning på nettopp ditt nivå i sprang, dressur og køyring. Vi har autoriserte ridelærarar og køyreinstruktørar, ein hovslagar og  kuskesensorar. Lærarane våre har brei erfaring gjennom arbeid med hest, både på og utanfor konkurransebana.

Allsidig hestesport kort forklart

  • Brei og allsidig fagleg
  • Fantastiske lokale
  • Meir hest
  • Sosialt rundt di interesse
  • Linjetur til Portugal

Utvikling-glede-venskap

På Fjordane legg vi opp til kjekke opplevingar i lag med hesten i eit sosialt fellesskap. Allsidig hestesport gir deg også muligheten til å oppleve vakker vestlandsk natur.

Vi ønsker å gi deg meir av det du brenn for. Vi fordjupar oss i laushopping, snørekøyring og vi har skulekonkurransar i dressur og sprang. Vi lagar naturridebane og utfører agility med hest, rir med halsring og utfordrar oss i prosjektfaget.

Fyrste helga i mai blir den årlege hingsteutstilling for fjordhest arrangert på Nordfjordeid som tiltrekk hestefolk frå både inn- og utland. Her kan du få med deg flotte hestar, mønstring, testridning/køyring og mykje meir.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.