Nøkkelinformasjon

Om studiet

Bli med på mange kjekke aktivitetar, reise på kortare og lengre turar, lage mat og ha ein aktiv og sosial kvardag, både i klassa og med resten av skulen. I tillegg kan du drive med kunst og hest m.m.

Dette er linja for deg som treng noko tilrettelegging i kvardagen, men som ønskjer å stå på eigne bein i framtida. Her vil du møte andre som har same mål som deg: å få vener for livet, bli sjølvstendig og oppleve fantastisk natur i trygge rammer.

I tillegg til aktivitetar i dagleglivet som til dømes matlaging, fysisk trening, reinhald og hygiene, turar i skog og fjell og ikkje det å lære seg å ta vare på seg sjølv,  kan du velge eit eller fleire av våre linjefag. Du kan velge mellom hest, kunst, sirkus, viking, musikal eller kanskje du helst vil prøve deg som vaktmeister?  

Du er også med på fellesfag og valfag saman med dei andre elevane på skulen.

Integrering

Vi legg stor vekt på at du skal integrerast i elevflokken i dei fag og fellesaktivitetar som er muleg, samtidig som du får eit tilbod som er tilpassar ditt nivå. Vi stiller realistiske krav til deg, og du må også yte utifrå dei forutsetningane du har.

Vi har tett dialog før under og etter du er tatt opp som elev, slik at skuleåret blir mest mogleg tilpassa deg, ditt behov og dine forutsetningar. Ta kontakt med oss, så vil vi legge til rette for deg så godt vi kan!

På linja er det 6-8 elevar med lettare psykisk utviklingshemming, eller andre utfordringar med noko nedsett lærevanskar.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.