Gjennomgått i samarbeid med Tollerutdanningen ved Universitetet i Stavanger 21. mars 2025

Tollar

Som tollar kan du blant anna jobbe med kontroll av reisande, reisegods, køyretøy og båtar.

Arbeidsoppgaver

Ein tollar kontrollerer alle varer som kjem inn og ut av landet. Dei undersøker grensepasseringar, varetransport og reisande med bagasje. Dette blir gjort for å hindre ulovleg handel. Tollege reknar òg ut avgifter og følgjer opp at desse blir betalte. Tollege sørgjer for at både kritiske og mindre kritiske varer kjem fram til norske bedrifter, samfunnsviktige instansar og privatpersonar. Samstundes vernar dei landet mot ulovlege og farlege varer som narkotika, våpen, falske medisinar og ulovlege matvarer. Oppgåva til tollege er å sikre at alt som kryssar grensa skjer på ein lovleg og trygg måte.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein tollar:

  • kontrollere passasjerar, varetransport og reisegods
  • kontrollere køyretøy og båtar
  • gi rettleiing til næringslivet og privatpersonar om toll
  • gi opplæring og undervisning
  • etterretning og saksbehandling

Tollarar kan òg vere med på aksjonar saman med Politiet, Vegvesenet, Mattilsynet, Skatteetaten og Kystvakta. Dei jobbar saman med over 17 andre etatar i Noreg. Blant desse er Kulturrådet, Mattilsynet og Vegvesenet berre nokre få. I kriser vil tollarar òg samarbeide med Forsvaret.

Nokon få tollege blir etter kvart hundeførarar. Disse har hundane buande heime hos seg, og bruker dei i kontrollarbeid kvar dag. Som tollar i grensekontrollen må du regne med å jobbe turnus.

Kor jobbar tollarar?

Tolletaten er ein etat under Finansdepartementet. Tollege jobbar i tollregionane, blant anna ved grenseovergangar, hamnar og flyplassar rundt omkring i Noreg.

Korleis er det å jobbe som tollar?

En person med ID-bånd rundt halsen står innendørs foran en vegg med matterte glasspaneler. Personen ser mot kamera og smiler svakt.

Toller

Viktor Ådland Smørdal

– Samfunnsoppdraget er viktig for meg, sier Viktor.
Toller Line Hansaas, portrett. Hun har uniform på og håret i en hestehale. Hun smiler i kameraet.

Toller

Line Hamsaas

– Jeg synes samfunnsoppdraget vårt er veldig viktig, sier Line som jobber som toller.

Viktige egenskaper for en tollar

Du bør vere sjølvstendig, fleksibel og omgjengeleg. I tillegg bør du vere reflektert, ha evne til å ta initiativ, og dessutan ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne, i både norsk, engelsk og eventuelt andre språk. Du må vere nøyaktig og årvaken, og ha høy integritet og lovlydigheit.

Kva tener tollarar?

Korleis utdannar du deg til tollar?

Utdanninga for å bli tollar har endra seg, og det er ikkje lenger et betalt studium. Frå hausten 2021 kan du studere bachelor i Toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger. Studiet er det einaste i Noreg og utvikla i samarbeid med Tolletaten. 

Kva jobbar tollarutdanna med?

  • 682401 - Bachelor, toll, vareførsel og grensekontroll , treårig
  • 582499 - Tollfag, uspesifiserte, påbygging til videregående utdanning
  • 582405 - Tollkontrollørkurs
  • 582404 - Tollrevisorutdanning
  • 582403 - Tollinspektørkurs.
  • 582402 - Tollinspektørkurs, nivå 2
  • 582401 - Tollbetjentkurs, tollvesenets grunnutdanning, nivå 1

Bedrifter: Kor jobbar tollarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tollarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3441103 - TOLLER
  • 3441113 - GRENSEKONTROLLØR
  • 3441108 - KONSULENT (TOLLVESNET)
  • 3441112 - FORTOLLER (TOLLVESNET)
  • 3441111 - TOLLOVERINSPEKTØR
  • 3441109 - FØRSTETOLLINSPEKTØR
  • 3441107 - FØRSTESEKRETÆR (TOLLVESNET)
  • 3441106 - TOLLINSPEKTØR
  • 3441105 - TOLLBETJENT
  • 3441104 - TOLLASPIRANT
  • 3441102 - TOLLKONTROLLØR
  • 3441101 - TOLLKASSERER

Andre yrke

Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.
To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.
Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Konduktør

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Låsesmed lager nøkler i verkstaden sitt.

Låsesmed

Låsesmedar installerer, reparerer, held ved like og yter service på lås- og tryggleikssystem.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.