Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for helse og oppvekstfag 18. februar 2022

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.

Arbeidsoppgaver

Tannhelsesekretæren jobbar tett på pasientar og pårørande. Som tannhelsesekretær har du hovudansvaret for smittevern og hygiene på tannklinikken. Difor må du kunne mykje om korleis du må verne om pasientanes tryggleik. Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen i alle typar behandlingar. Derfor treng tannhelsesekretæren gode kunnskapar innan anatomi, fysiologi, patologi, materiallære og tanninstrument.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein tannhelsesekretær:

  • arbeid med smittevern
  • desinfisere, sterilisere og vedlikehalde instrument og utstyr
  • handtere tannmaterialar og dei vanlegaste legemidla
  • bestille og lagre behandlingsmaterialar
  • opptak av røntgen
  • enklare laboratoriearbeid
  • klargjere utstyr og instrument til pasientbehandling
  • yte service til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • gjere administrativt arbeid som aktivitetsplanlegging, rekneskap, rapportering, innkalling og journalføring
  • kommunisere med pasientar, pårørande, samarbeidspartnarar i kommunehelsetenesta, NAV og forretningssamband

Tannhelsesekretæren kan sjølvstendig etter delegering tilrettelegga og utføra sykdomsforebyggende oppgåver retta mot den enkelte pasienten og setja lokalbedøvelse.

Tannhelsesekretærar er autorisert helsepersonell. Det er Helsedirektoratet som godkjenner og autoriserer etter at du har tatt utdanninga di.

Kor jobbar tannhelsesekretærar?

Aktuelle arbeidsplassar for ein tannhelsesekretær er innan den offentlege og private tannhelsetenesta, samt i klinikkar ved dei odontologiske fakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Du kan òg arbeide ved spesialklinikkar, for eksempel med kjevekirurgi eller kjeveortopedi. Du kan òg arbeide i Forsvaret.

Bli med ein tannhelsesekretær på jobb

Korleis er det å jobbe som tannhelsesekretær?

Kvinne i turkis t-skjorte på en tannlegekontor.

Tannhelsesekretær

Lejla Dzemila

– Hos oss er det høy aktivitet fra vi kommer på jobb til vi går hjem, forteller Lejla.
Portrett av Ina i hvit arbeidstøy

Tannhelsesekretær

Ina Matre

– Jeg alltid vært interessert og fascinert av tenner, sier Ina Matre og forteller om et veldig variert yrke.

Viktige egenskaper for en tannhelsesekretær

Som tannhelsesekretær må du kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre. Du må ha gode kommunikasjonsevner. Mellommenneskelege eigenskapar er viktig i møte med kollegaer, pasientar og pårørande. Du må òg arbeide effektivt og nøyaktig.

Kva tener tannhelsesekretærar?

Bedrifter: Kor jobbar tannhelsesekretærar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tannhelsesekretærar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5134103 - TANNHELSESEKRETÆR
  • 5134105 - TANNLEGESEKRETÆR
  • 5134102 - KLINIKKFULLMEKTIG (TANNPLEIE)
  • 5134101 - KLINIKKASSISTENT (TANNPLEIE)
  • 5134104 - TANNLEGEASSISTENT

Andre yrke

En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Kostøkonom prater med kokker

Kostøkonom

Kostøkonomar har ansvar for at storkjøkken serverer god og næringsrik mat til ein forsvarleg pris.
Helsesekretær

Helsesekretær

Som helsesekretær er du utdanna sekretær tilpassa helsevesenet.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
Portør

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.
Hudpleier gir behandling til kunde.

Hudpleiar

Ein hudpleiar behandlar hud og kropp, og førebygger hudproblem.
En kvinne står bak en lang skranke. Hun har brun hestehale og har på seg en mørkeblå dressjakke. Hun står foran en PC som viser en slags tabell. Foran henne kan man se et hvitt rekkverk. Ved siden av henne er flere andre skjermer og en hylle med diverse permer og annet utstyr.

Resepsjonist

Resepsjonisten er ansiktet til hotellet utover, og sørger for at gjestene får eit flott opphald ved å gi dei god service, og god informasjon.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.
Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.