Rådgivar i offentleg sektor
Arbeidsoppgaver
I offentleg sektor er jobbar delt inn i ulike nivå og titlar. Til dømes kan ein vera tilsett som rådgivar eller konsulent. Kva tittel du har som tilsett i offentleg sektor, heng saman med kva du gjer og kor mykje ansvar du har.
Ein rådgivar i offentleg sektor kan ha titlane:
- rådgivar
- seniorrådgivar
Vanlege arbeidsoppgåver for ein rådgivar i offentleg sektor kan vera:
- laga og følgja opp reglar, planar og prosjekt
- skriva rapportar og dokument som forklarer viktige saker eller endringar i reglar og planar, både internt og til offentlegheita
- gi råd og informasjon til leiarar og kollegaer
- planleggja og gjennomføra møte, prosjekt og andre oppgåver
- samarbeid med andre avdelingar, andre offentlege etatar og organisasjonar
- planlegging av budsjett
- sørgja for at jobben som blir gjord følgjer lover og reglar
Arbeidsoppgavene vil variera etter kva fagfelt du jobbar innan.
Bruken av tittelen rådgivar varierer litt i ulike delar av landet.
Som seniorrådgivar jobbar du ofte meir sjølvstendig og har meir ansvar. Du kan til dømes vera rådgivar for leiinga og ha hovudansvar for prosjekt eller vanskelege saker.
Titlane konsulent, rådgivar og seniorrådgivar blir også brukt ein del i privat sektor, til dømes i bankar, forsikringsselskap og konsulentselskap.
Sjå samlebeskrivinga konsulent for meir informasjon.
Bli med ein rådgivar i offentleg sektor på jobb
Korleis er det å jobbe som rådgivar i offentleg sektor?
Rådgiver i offentlig sektor
Kristina Markussen Borchgrevink
Rådgiver i offentlig sektor
Morten Sivertsen Lygresten
Rådgiver i offentlig sektor
Trine-Linn Bruvik
Viktige egenskaper for en rådgivar i offentleg sektor
Som rådgivar bør du vera strukturert og analytisk. Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kva tener rådgivarar i offentleg sektor?
Korleis utdannar du deg til rådgivar i offentleg sektor?
Titlane rådgivar og seniorrådgivar er ikkje beskytta. Det er vanleg å ha ei utdanning innan eit fagområde på minimum bachelornivå.
Rådgivarar kan ha bakgrunn frå til dømes samfunnsfag, økonomi, juss eller anna administrativ og organisatorisk utdanning.
Kva for ei utdanning er vanlegast for rådgivarar i offentleg sektor?
Bedrifter: Kor jobbar rådgivarar i offentleg sektor?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med rådgivarar i offentleg sektor
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3310110 - RÅDGIVER (GRUNNSKOLE)
- 2419119 - SENIORRÅDGIVER (ØVRIG OFFENTLIG ADM.)
- 2419114 - RÅDGIVER (ØVRIG OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
- 2419113 - SPESIALRÅDGIVER (ØVRIG OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
- 2411118 - SENIORRÅDGIVER (ØKONOMI OG SAMFUNNSVITENSKAP, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
- 2411107 - RÅDGIVER (ØKONOMI OG SAMFUNNSVITENSKAP, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
- 2411106 - SPESIALRÅDGIVER (ØKONOMI OG SAMFUNNSVITENSKAP, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
Andre yrke
Filosof
Sosiolog
Saksbehandlar
Leiar
Politikar
Advokatsekretær
Redaktør
Personalsjef
Geograf
Samfunnsøkonom
Prest