
Prest
Ein prest held gudstenester og har ansvar for kyrkjelege handlingar som vigslingar, konfirmasjon, dåp og gravferder. Presten knyter band mellom kyrkjelege handlingar og menneskes kvardag.
Arbeidsoppgaver
Prest er tittelen på ein person som leier kyrkjelege ritual og handlingar i ei kyrkje. I Noreg er dei aller fleste prestane tilsette i Den norske kyrkja. Ein del andre kyrkjesamfunn bruker tittelen pastor i staden for prest.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein prest:
- førebu og halda gudstenester
- samarbeid i stab
- ansvar for kyrkjelege handlingar som vigslingar, konfirmasjon, dåp og gravferder
- samtaler med menneske som skal gifta seg, døypa barna sine, konfirmera seg eller med pårørande som skal ha gravferd
- delta i opplæringsarbeidet til kyrkjelyden og sosiale arbeid
- ha fortrulege samtalar/sjelesorg med menneske i ulike livssituasjonar
- administrative oppgåver og møter i ulike råd og utval
Kyrkjelydsprestane i Den norske kyrkja har stillingsnemningane sokneprest, kapellan og prostiprest.
Sokneprestar leier prestetenesta i soknet/kyrkjelyden, og sit i soknerådet. Der det er fleire prestar i kyrkjelyden, blir kalla andre prestar kapellanar. Desse blir leidde av soknepresten.
Institusjonsprestar er prestar som jobbar på institusjonar, til dømes på sjukehus eller i fengsel, og dei har varierte oppgåver etter behov. Sjelesorg for brukarar, pårørande og tilsette er ein viktig del av jobben. Dei held også gudstenester og leier kyrkjelege handlingar. Presten kan sorgarbeid og krisehandtering. Dei jobbar også i team med andre tilsette på institusjonane.
Andre stillingsnemningar innanfor presteyrket er sjømannsprest, misjonsprest og studentprest. Som prest arbeider du saman med andre tilsette i kyrkja, som til dømes diakon, kateket, meinigheitsspedagog og kantor. Prestar i Den norske kyrkja blir ordinerte til presteteneste av ein biskop.
Kor jobbar prestar?
Som prest kan du arbeida i eit av dei rundt 1100 sokna (kyrkjelydane) her i landet eller ha andre stillingar i Den norske kyrkja. Du kan også vera tilsett på skular, i fengsel, Forsvaret eller ved sjukehus. Andre moglegheiter er frivillige organisasjonar eller utanlands i Sjømannskyrkja.
Bli med ein prest på jobb
Korleis er det å jobbe som prest?
Prest
Anne-Inger Lunner
Prest
Inger Mangrud Bore
Viktige egenskaper for en prest
Ein prest arbeider med menneske. Dette kan vera foreldre som ønskjer å døypa sine barn og personar som skal gifta seg. Det kan også vera nokon som får beskjed om dødsfall. Dette betyr at ein prest møter menneske i vanskelege situasjonar.
Som prest må du derfor vera flink til å lytta, skapa tillit og kunne forstå situasjonar. Du må også vera god til å få fram bodskap, ha kjensler for andre og vera omsorgsfull. Du må kunna samarbeida med andre og vera i stand til å ta avgjerder.
Kva tener prestar?
Korleis utdannar du deg til prest?
For å bli prest må du ta embetseksamen i teologi, ein såkalla cand. theol-grad og praktisk teologisk seminar. Dette er ei utdanning som tek seks år og som til saman gir 360 studiepoeng.
Det er også mogleg å bli prest ved å ta ein master i teologi kombinert med eittårig praktisk-kyrkjeleg utdanning.
Kva for ei utdanning er vanlegast for prestar?
Kva jobbar teologar med?
- 814203 - Dr.theol.-utdanning, religionsfag.
- 714222 - Master, teologi, femårig
- 714220 - Cand.theol.-utdanning, treårig
- 714211 - Praktisk-teologisk seminar, ettårig
- 714205 - Cand.theol.-utdanning, seksårig
- 714224 - Master, praktisk teologi, 1½-årig
- 714221 - Master, teologi, toårig
- 714212 - Videreutdanning for teologer
- 814205 - Lic.theol.-utdanning, religionsfag
- 714209 - Master of Philosophy, contextual theology
- 714219 - Master, intercontextual theology, toårig
- 714229 - Master, theology and ministry, toårig
Bedrifter: Kor jobbar prestar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med prestar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2560125 - PROSTIPREST
- 2560121 - PASTOR
- 2560117 - PREST
- 2560114 - DØVEPREST
- 2560113 - FELTPREST
- 2560112 - FENGSELSPREST
- 2560111 - SJØMANNSPREST
- 2560110 - INSTITUSJONSPREST
- 2560109 - MISJONSPREST
- 2560106 - KAPELLAN
- 2560104 - SYKEHUSPREST
- 2560103 - SOGNEPREST
- 2560102 - PROST
- 2560101 - DOMPROST
- 1210184 - BISKOP
- 2560116 - PATER (ROMERSK-KATOLSKE KIRKE)
Andre yrke

Aktivitør

Allmennlege

Anestesisjukepleiar

Audiograf

Barnesjukepleiar

Ergoterapeut

Fotterapeut

Fysioterapeut

Geriatar

Gestaltterapeut

Gravferdskonsulent
