Gjennomgått i samarbeid med Politijuristene og Politiakademikerne 22. november 2023

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.

Arbeidsoppgaver

Ein politijurist har ei mastergrad i rettsvitskap, og arbeider for politi- og påtalemakta. Ein politijurist har i tillegg til politimakt også påtalemakt, det vil seie rett til å reise tiltale i ei straffesak.

Hovudoppgåva er å vere etterforskingsleiar, ha ansvar for straffesaker og føre straffesaker for tingrett og lagmannsrett. Det er politijuristen som vurderer om ei sak skal takast til retten eller ikkje. Politijuristar er leiarar, og avgjerdene deira kan ikkje overprøvast av andre i politiet. Din eigen leiar kan likevel gjere om avgjerda. Politijuristar tek del i vaktordningar for påtalemakta i politiet, såkalla jourvakt. Som jourhavande tek du avgjerder om tvangsmiddelbruk, som til dømes pågripingar og ransaking.

Politijuristar kan vere tilsette som politifullmektig, politiadvokat eller politiadvokat 2. Det kan kome eit nytt gradsystem i desember, 2023.

Politifullmektig er ei opplæringsstilling du normalt har i 1 til 2 år, inntil du får tildelt utvida påtalekompetanse. Som politifullmektig har du ein rettleiar som har ansvar for opplæringa i arbeidet. Stilling som politiadvokat kan du søkje når du har fått utvida påtalekompetanse. I nokre tilfelle kan du søkje stilling som politiadvokat utan påtalekompetanse, dersom du har advokatløyve. Personar med spesiell kompetanse eller lang røynsle kan søkje stilling som politiadvokat 2.

Som politijurist samarbeider du med andre yrkesgrupper i politi- og påtalemakta, deriblant domstolen, politibetjentar og advokatar, både forsvararar og bistandsadvokatar . Du har også kontakt med andre yrkesgrupper, som helsepersonell og personar i offentleg forvalting.

Juristar kan også ha andre sivile jurist-stillingar, mellom anna kan du jobbe innan HR, personvern, forvalting, styring og leiing. 

Kor jobbar politijuristar?

Politijuristar er tilsette i eit av politidistrikta i landet eller i eit av særorgana i politiet.

Bli med ein politijurist på jobb

Korleis er det å jobbe som politijurist?

Mann i svart kappe, hvit skjorte, slips og briller

Politijurist

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik

– Jeg får møtt mange mennesker som jeg ofte opplever at vi hjelper eller utgjør en forskjell for, og det er veldig givende, sier Magne.
Portrettbilde av politijurist Ingeborg Drægebø

Politijurist

Ingeborg Drægebø

Selv om jussen alltid ligger i bunn og setter rammer for politiets samfunnsoppdrag og jobbutførelse, gir jobben et unikt innblikk i deler av samfunnet som ellers er lukket, forteller politijurist Ingeborg Drægebø

Viktige egenskaper for en politijurist

Som politijurist må du ha gode leiareigenskapar, vere avgjerdsdyktig og kunne takle stress. Du er etterforskingsleiar og må kunne analysere store mengder informasjon hurtig for å avgjere vegen vidare i etterforskinga. Sjølv om jobben i stor grad er sjølvstendig, bør du ha gode samarbeidseigenskapar. Høg grad av integritet er også viktig for å kunne fatte tøffe avgjerder. Du bør ha høge etiske standardar, ha evne til å motivere medarbeidarar og å kunne planleggje og prioritere.

Kva tener politijuristar?

Korleis utdannar du deg til politijurist?

Politijuristar har ei mastergrad i rettsvitskap (juss). Enkelte utdanningsinstitusjonar tilbyr fordjupingsemne i politi- og påtalerett. Du utdannar deg altså ikkje til politibetjent.

Når du er ferdig utdanna og skal tilsettast i Politiet vil du gå gjennom eit kurs for politijuristar. Dette kurset tek du på Politihøgskolen.

Kva jobbar juristar med?

  • 737102 - Master, rettsvitenskap, femårig
  • 737101 - Cand.jur.-utdanning, profesjonsstudiet.

Bedrifter: Kor jobbar politijuristar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med politijuristar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2523103 - POLITIADVOKAT
  • 2523102 - POLITIFULLMEKTIG
  • 2523105 - POLITIINSPEKTØR
  • 2523111 - FØRSTEKRIGSADVOKAT
  • 2523110 - NAMSFOGD
  • 2523109 - KRIGSADVOKAT
  • 2523108 - GENERALADVOKAT
  • 2523107 - FØRSTESTATSADVOKAT
  • 2523104 - STATSADVOKAT
  • 2523101 - POLITIADJUTANT
  • 1227108 - AVDELINGSSJEF (POLITI)
  • 1227193 - POLITIMESTER
  • 1227173 - VISEPOLITIMESTER
  • 1227109 - POLITISTASJONSSJEF
  • 3431103 - NAMSFULLMEKTIG
  • 1210189 - ASSISTERENDE RIKSADVOKAT
  • 1120118 - RIKSADVOKAT

Andre yrke

Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Advokatsekretærar sørgjer for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.
Illustrasjonsbilde av kontoransatte

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.
Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
Obduksjonstekniker kledd med plastfrakk og munnbund

Obduksjonsteknikar

Obduksjonsteknikaren utfører obduksjonar og steller lik.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.