Gjennomgått i samarbeid med Norsk Kjeveortopedisk Forening 03. november 2025

Kjeveortoped

Ein kjeveortoped er ein tannlege som har spesialisert seg på å behandla feil i tannstilling og bit.

Arbeidsoppgaver

Ein kjeveortoped stiller diagnose, førebyggjar og behandlar bit- og tannstillingsfeil. Når allmenntannlegen vurderer at ein pasient har  behov for tannregulering, blir pasienten tilvist til kjeveortoped for vidare undersøking og eventuell behandling.

For ein kjeveortoped er  barn og unge den største pasientgruppa, men dei fleste kjeveortopedar behandlar også vaksne.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein kjeveortoped:

  • diagnostisera bitavvik og tannstillingsfeil ved hjelp av mellom anna røntgenbilete, foto og modellar
  • behandla bitavvik ved hjelp av mellom anna fast tannregulering og plater

Kjeveortopeden jobbar saman med ein tannpleiar og ein tannhelsesekretær. Eit samarbeid med ein oralkirurg og andre tannlegespesialistar, kan vere nødvendig ved større behandlingar.

Kor jobbar kjeveortopedar?

Som kjeveortoped arbeider du som oftast i private klinikkar. To av tre kjeveortopedar i Noreg er privatpraktiserande. Resten er engasjert i den offentlege tannhelsetenesta.

Bli med ein kjeveortoped på jobb

Korleis er det å jobbe som kjeveortoped?

En mann i mørkeblå kittel og med briller. Han smiler og ser rett i kamera.

Kjeveortoped

Morten Gahre Fjeld

– Det er veldig morsomt å starte med et utgangspunkt som er skjevt og galt, og så ende opp med et veldig fint resultat, forteller Morten.
Portrett av kjeveortoped Geir Kristian

Kjeveortoped

Geir Kristian Skistad

Utdanningen for å bli kjeveortoped tar totalt ti år, så egenmotivasjon er et must. Du må like å analysere og gruble litt for å finne løsninger, sier Geir Kristian Skistad.

Viktige egenskaper for en kjeveortoped

Som kjeveortoped bør du ha interesse for tannhelse og estetikk. Du bør ha eit godt handlag og vera nøyaktig og tolmodig. Gode kommunikasjonsevner er viktig, slik at du kan skapa tillit og få god kontakt med pasientane. Du vera flink til å behandla barn og unge, som er den største målgruppa til kjeveortopeden.

Kva tener kjeveortopedar?

Korleis utdannar du deg til kjeveortoped?

Du må først ta ei femårig utdanning som tannlege, for så tre år med spesialisering i kjeveortopedi. For å byrje på spesialistutdanninga må du ha ei bestått tannlegeutdanning, og dessutan to år med erfaring frå allmennpraksis.

 

Kva jobbar tannlegespesialistutdanna med?

  • 764106 - Master, odontologi, femårig
  • 764105 - Videreutdanning for odontologer
  • 764102 - Master of Philosophy, odontologi
  • 764101 - Cand.odont.-utdanning.

Bedrifter: Kor jobbar kjeveortopedar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kjeveortopedar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2222115 - KJEVEORTOPED

Andre yrke

Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som opererer pasientar, i tillegg til anna behandlinga.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.