Idrettskonsulent
Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Arbeidsoppgaver
Som idrettskonsulent fungerer du som rådgivar om idrett i offentleg eller privat sektor. Ein idrettskonsulent jobbar med idrett på et administrativt og samfunnsvitskapleg nivå.
Idrettskonsulentar gir rettleiing innan alle område som har med idrett å gjere.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein idrettskonsulent:
-
organisere idrettsarrangement
-
tilrettelegge for idrett og fysisk aktivitet
-
planlegging og gjennomføring av aktiviteter
-
markedsføring, formidlings- og kommunikasjonsarbeid
-
gi råd om bygging av idrettsanlegg
-
drive en idrettsorganisasjon
-
lage kortsiktige og langsiktige strategiske planer
-
inkludering av minoriteter
-
drive kursvirksomhet
-
forberede og skrive søknader om sponsor- og pengestøtte
-
økonomistyring og budsjett, juss, forvaltning, saksbehandling
Idrettskonsulentar har ofte bakgrunn som idrettstrenarar.
Kor jobbar idrettskonsulentar?
Ein idrettskonsulent jobbar ofte i ein kommune, ein fylkeskommune eller i andre deler av det offentlege. Idrettskonsulenten kan også jobbe i ein idrettsorganisasjon, i reiselivet eller i Forsvaret.
Korleis er det å jobbe som idrettskonsulent?
Idrettskonsulent
Christian Berg
Viktige egenskaper for en idrettskonsulent
Du bør ha interesse for idrett, fysisk aktivitet og helse. Du må like å jobbe med menneske og vere god til å samarbeide. Du bør vere flink til å ta initiativ, planlegge og organisere.
Kva tener idrettskonsulentar?
Korleis utdannar du deg til idrettskonsulent?
Du kan ha forskjellige utdanningar for å jobbe som idrettskonsulent, men felles for alle er at det er lurt å ha idrettsfag frå vidaregåande skole og helst ha studert idrettsfag på universitets- og høgskolenivå. Organisasjon- og leiingsutdanning innan idrett gir god kompetanse i dette yrket.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Noregs idrettshøgskole tilbyr vidareutdanning og kurs av forskjellig slag.
Bedrifter: Kor jobbar idrettskonsulentar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med idrettskonsulentar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3449113 - IDRETTSKONSULENT (OFFENTLIG FORVALTNING)
- 3475124 - IDRETTSFUNKSJONÆR
- 3475131 - IDRETTSSEKSJONSLEDER