Hudterapeut
Arbeidsoppgaver
Hudterapeuten gir ansikts- og kroppsbehandling som fremmar god helse og god hudhelse. Ein hudterapeut har kunnskap om balansering av dei ulike tilstandane til huda og kjenne til hudas ulike livsfasar.
Hudterapeuten kan tilby løysingar på hudproblem og gi rettleiing tilpassa behovet til den enkelte kunde basert på konsultasjon og analyse. Ein viktig del av arbeidet er å førebygge ulike problem som akne (kviser), sensitivitet, solskadar, arr, tørr hud osb. og arbeid med ein behandlingsplan for den enkelte kunden. Hudterapeutar bruker ulike behandlingsmetodar i hud- og kroppspleie og har god kjennskap til ingrediensteknologi og høgteknologiske apparat.
Hudterapeuten har kunnskap om samanhengen mellom livsstil og hudhelse kan tilby avstressande pleia som manuell massasje og velværebehandlingar. Hudterapeuten kallast òg hudpleiar eller kosmetolog. Ein hudpleiar jobbar helserelatert, ofte saman med utøvarar av andre helsefagleg yrke og veit kva problem som må vidaresendast for behandling hos hudlege.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein hudterapeut:
- utføre helseframande behandling av hud og kropp
- forebygge hudproblemer
- rettleie kundar i korrigerande behandlingar knytt til hud og utsjånad
- gi individuell produktrettleiing og lage behandlingsplanar
- gi manuell behandling som aroma-, lymfe- og kroppsmassasje
- gi manikyr og pedikyr
- farge og stelle vippar og bryn
- utføre ulike former for hårfjerning
- utføre hygienetiltak
- marknadsføre og selje profesjonelle hudpleieprodukt
I arbeidet inngår òg kunderettleiing, marknadsføring og sal av kosmetikk og hudpleieprodukt.
Kor jobbar hudterapeutar?
Mange hudterapeutar jobbar hudpleieklinikkar eller salongar, spa-sentre, men kan òg jobbe i apotek, parfymeri eller nettbutikkar. Mange er sjølvstendig næringsdrivande med eiga bedrift. Hudterapeutar kan òg jobba som konsulentar innan kosmetikk- og hudpleiebransjen, hos leverandørar eller for produktmerke med sal og undervisning. Det har òg vorte meir vanleg å jobba i helseinstitusjonar. Andre arbeider som sminkørar og maskørar innan teater, film og TV, ofte i kombinasjon med etterutdanning innan hår og make up.
Bli med ein hudterapeut på jobb
Korleis er det å jobbe som hudterapeut?
Hudpleier
Bettina Austad
Hudpleier
Seline Bjørseth Hauge
Hudpleier
Maiken Gamborg
Viktige egenskaper for en hudterapeut
Som hudterapeut kjem du nært på ulike menneske. Du må derfor vere god til å kommunisere og kunne skape trygd og tillit. Arbeidet som hudterapeut krev presisjon, kreativitet og estetisk sans.
Kva tener hudterapeutar?
For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.
Korleis utdannar du deg til hudterapeut?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Videreutdanning
Etterutdanning og kurs
Hudpleiarar kan spesialisere seg innan ulike retningar av faget, til dømes aromaterapi eller spa-behandling.
Kva jobbar hudpleiarfagutdanna med?
- 483104 - Hudpleier, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar hudterapeutar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med hudterapeutar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5141104 - HUDPLEIER
- 5141113 - KOSMETOLOG
Andre yrke
Ortopediteknikar
Optikar
Massasjeterapeut
Portør
Tannhelsesekretær
Kostøkonom
Ernæringskokk
Helsesekretær
Apotekteknikar
Legemiddelkonsulent
Farmasøyt