FU-operatør
FU-operatøren styrer undervassfarkostar og andre undervassverktøy.
Arbeidsoppgaver
Fjernstyrte undervassoperasjonar (FU) omfattar ei rekke arbeidsområde med fjernstyrte undervassfarkostar og andre fjernstyrte undervassverktøy. Ein FU-operatør si hovudoppgåve er å styre FU-farkosten.
Faget kan og kallast ROV (Remotely Operated Vehicles).
Vanlege arbeidsoppgåver for ein FU-operatør:
- styre FU-farkosten
- vedlikehalde, feilsøke og reparere elektroniske og hydrauliske styre- og reguleringssystem
Som FU-operatør bruker du fjernstyrte undervassfarkoster til blant anna å legge røyr og kablar under vatn, utføre bergings- og redningsoppdrag, hjelpe dykkarar og kartlegge havbotnen. Du må vere forberedt på å jobbe turnus og å lære deg nye metodar og nytt utstyr.
Vanskelege vêrsituasjonar kan gjere at FU-operatøren også må løyse føreseielege tekniske problem.
Kor jobbar FU-operatørar?
Ein FU-operatør arbeider innan offshore petroleumsverksemd, både på norsk og utanlandsk sokkel, og er med både i leite-, utbyggings-, drifts- og stengningsfasen til eit oljefelt. FU-operatøren arbeider også med operasjonar, vedlikehald og reparasjonsarbeid på fjernstyrte havbunnsinstallasjonar, prosessanlegg og i fiskeoppdrettsnæringa.
Korleis er det å jobbe som fu-operatør?
FU-operatør (ROV-pilot)
Thomas Eriksen Bru
Viktige egenskaper for en fu-operatør
Ein FU-operatør bør vere praktisk anlagt og i stand til å arbeide effektivt. Du må kunne jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre. Det å vere ansvarsbevisst, nøyaktig og å ha fokus på sikkerheit er svært viktig.
Kva tener FU-operatørar?
Korleis utdannar du deg til fu-operatør?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Du kan ta teknisk fagskole. Med generell studiekompetanse og realfagskombinasjon eller Y-veg kan du søke opptak på universitet og høgskolar, til dømes ingeniør- og teknologifag.
Kva jobbar FU-operatørutdanna med?
- 455140 - Fjernstyrte undervannsoperasjoner, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar FU-operatørar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med FU-operatørar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 8113124 - ROV-OPERATØR
- 8113137 - FU-OPERATØR I OLJE- OG GASSUTVINNING